Annonse
Kulturminister Anette Trettebergstuen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Regjeringa foreslår 150 millionar til full momskompensasjon for frivillige organisasjonar og 100 millionar meir til kultur og likestilling

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

I tilleggsproposisjonen foreslår regjeringa å auke momskompensasjonen med 150 millionar kroner. Dermed sikrar regjeringa full momskompensasjon for dei frivillige organisasjonane allereie neste år.

– Med dette peiker vi ut ei tydeleg retning for kva denne regjeringa ønskjer. Vi prioriterer frivilligheit, og er oppteken av at det frivillige Noreg skal ha gode vilkår for å gjere det dei er best på. Denne auka betyr meir pengar til aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

I tillegg foreslår regjeringa å styrke kulturbudsjettet med 100 millionar kroner, 59 millionar går til å styrke kunstnarøkonomien.

– Eg er glad for å kunne gi denne gruppa eit etterlengta løft. Pandemien har vist kor små marginar kultursektoren har å gå på og kor spesielt sårbare og utsette kunstnarar er som gruppe. Mange har samansett økonomi med usikre inntektskjelder og ustabile arbeidsmoglegheiter, seier Trettebergstuen.

100 millionar kroner er fordelte på kulturbudsjettet følgande måte:


59 millionar kroner til å styrke kunstnarøkonomien

  • 33,2 millionar kroner fordelt på 100 nye kunstnarstipend

  • 20 millionar kroner til Norsk kulturfond. 10 millionar går til ordninga for musikkfestivalar og 10 til ordninga for turné- og verksemdstilskot for musikarar, artistar og band.

  • 4 millionar til etablerte scenekunstkompani

  • 1,8 millionar kroner til Fond for lyd og bilde

15 millionar kroner ekstra til film

  • 8 millionar kroner til filmfondet

  • 5 millionar kroner til Bygdekinoen

  • 2 millionar kroner til Samisk filminstitutt (ISFI)

11 millionar ekstra til likestilling

  • 5 millionar til likestillingssentra

  • 2 millionar kroner til likestillingsorganisasjonar

  • 2 millionar til LHBTIQ-organisasjonar

  • 2 millionar kroner til eit mannsutval

10 millionar ekstra til journalistikk

  • 8 millionar kroner ekstra i mediestøtte til lokalaviser

  • 2 millionar kroner til Senter for undersøkende journalistikk

5 millionar kroner til markeringa av 1000-års jubileet på Stiklestad i 2030

  • 2 millionar kroner til Stiklestad nasjonale kultursenter. Regjeringa ønskjer at SNK får ei nasjonal rolle i jubileet.

  • 3 millionar til jubileumstiltak i samband med 1000-års jubileet fram mot 2030

– Likestilling er svært viktig på alle områder og vi løftar difor arbeidet med likestilling og mangfald i budsjettet. Vi startar også vår satsing på mediemangfald, pressefriheit og ytringsfriheit. Vi styrker den undersøkande journalistikken samtidig som vi ser til at lokalavisene har gode kår, seier Trettebergstuen.

 

Annonse
Annonse
Annonse