Teater og scene

Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.

Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn har omtrent ikkje eksistert i norsk teaterhistorie i det heile. Dette ønsker vi å gjere noko med, blant anna gjennom Spire, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.

Publisert Sist oppdatert

– Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for publikum for første gongen.

– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn har omtrent ikkje eksistert i norsk teaterhistorie i det heile. Dette ønsker vi å gjere noko med, blant anna gjennom Spire, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.

Derfor har ho invitert inn Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah til å prøve seg som regissørar. Alle tre med brei, men ulik, sceneerfaring frå før. Sidan februar har dei jobba fram eigne teaterprosjekt med ei ung målgruppe i tankane, under rettleiing frå kvinnelege mentorar med lang erfaring i faget. Med seg på laget har dei også ein gjeng unge skodespelarar.

– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn har omtrent ikkje eksistert i norsk teaterhistorie i det heile. Dette ønsker vi å gjere noko med, blant anna gjennom Spire, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.

– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn har omtrent ikkje eksistert i norsk teaterhistorie i det heile. Dette ønsker vi å gjere noko med, blant anna gjennom Spire, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.

– Teatret har tradisjonelt rekruttert folk frå akademikarmiljø og med ein viss type bakgrunn. Både kvinner, arbeidarklasse og minoritetar har vore svært underrepresentert. Som kvinne har eg oppigjennom ofte erfart å vere heilt uaktuell som regissør, og eg opplever at eg har måtte brøyte meg ned i registolen, seier ein av mentorane, regissør Marit Moum Aune.

Ho meiner norsk teater kan takke utlandet for at vi har kvinnelege regissørar i Noreg, for det er nemleg ikkje i Noreg dei fleste norske kvinnelege regissørane har tatt utdanninga si. Moum er sjølvlært innan faget, og synest det er positivt at teatera dei seinare åra har gjort grep for å betre representasjonen på scenane:

– Vi treng mangfald for å fortelje historier ut ifrå ulike erfaringsgrunnlag og utgangspunkt.

Martine Næss Johansen har laga ei verkstadvising basert på si eiga bok Vi har ikke fire nye år, som tematiserer ung, skeiv kjærleik. Zezé Kolstad si vising utforske opplevingar, kjensler og synspunkt rundt det å vekse opp i Noreg med bølgete, krøllete og krusete hår. Medan Jae Nyamburah tek opp interseksjonalisme og melaninrike kvinner i iscenesetjinga av teksten I skuggen av / Til minne for.

– Håpet er at dette prosjektet vil vere ein katalysator for for både nye regissørar og nye tema i teatret, avsluttar Baza.

Powered by Labrador CMS