Teater og scene

Preben Hodneland frå Lindås utanfor Bergen og Julie Moe Sandø frå Trondheim er blitt faste i ensemblet ved Det Norske Teatret.

Preben Hodneland og Julie Moe Sandø er fast tilsette ved Det Norske Teatret

Publisert Sist oppdatert

I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Julie Moe Sandø og Preben Hodneland, ifølge ei pressemelding.

– Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter. Både Julie og Preben har over år vist at dei er allsidige skodespelarar med både djupn, humor og musikalitet, så dei vil vi garantert ha stor glede av framover, seier ein glad teatersjef Erik Ulfsby. Han synast det er ei ekstra stor glede å kunne gi to skodespelarar trygge rammer i ei usikker tid som den vi er inne i.

Preben Hodneland (34) var utdanna prosessteknikar og arbeidde på Mongstad før han tok skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole (2011 - 2014). Han debuterte ved Den Nationale Scene i Bergen i Vaffelhjarte, der han også seinare har hatt tittelrolla i Hamlet. Hodneland har også hatt oppdrag ved Trøndelag Teater. Ved Det Norske Teatret har han m.a. spelt rolla som Mercutio i Romeo og Julie og tittelrollene i Macbeth og Raskolnikov. Sistnemnde fekk han Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar for i 2020. I 2018 vann han prisen for Beste mannlege medspelar for rolla som eldste McKinley i The Book of Mormon. Hodneland har også medverka i TV-seriane Heksejakt og Magnus og i filmane Alt det vakre og Når jeg faller, der han også hadde hovedrolla og blei nominert til Amanda som Beste mannlege skodespelar (2019).

Julie Moe Sandø (33) frå Trondheim er utdanna med Göteborgs Universität, Högskolan för scen och musik (2011 - 2014). Ho medverka i fleire oppsetjingar ved Trøndelag teater før ho utdanna seg, og har også etter endt utdanning vore knytt til dette teatret. Frå 2016 har Moe Sandø vore tilsett ved Det Norske Teatret og hatt store roller, m.a. som mor i Goksøyr&Martens-framsyningane 11 ÅR og DOTTERA, og hadde større roller i musikalane Tenk om og Lazarus. For tida er ho aktuell i Bestialitetens historie, Bienes historie, Trilogien og Slåttekar i himmelen. Til våren skal ho også spele rolla som Rapunsel i Sondheim-musikalen Into the Woods. Julie Moe Sandø er også vokalist i bluegrassbandet Julie & The New Favourites.

Powered by Labrador CMS