Teater og scene

Hans Antonsen ser fram til å tiltre stillinga som direktør ved Det Norske Teatret.

Hans Antonsen ny direktør ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret har i dag tilsett Hans Antonsen som ny direktør.

Publisert Sist oppdatert

Det fortel teatret i ei pressemelding.

Fra Kristiansand

Antonsen kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand. Han er styreleiar i Norsk teater- og orkesterforening, og tidlegare politikar for Venstre. Han har i sitt politiske liv mellom anna vore ordførar i Grimstad og statssekretær i Bondevik-regjeringa.

– Eg har komme fram til at teater er noko av det verkeleg viktige i eit moderne samfunn. Det Norske Teatret er eit teater eg lenge har sett opp til, og det har dessutan eit opphav og ein visjon som eg fullt ut identifiserer meg med, seier den påtroppande direktøren.

Nynorskbrukar

Han kjem opphaveleg frå Møre og Romsdal, og har nynorsk som sitt språk. Han vil tiltre stillinga til våren.

Styreleiar Nina Refseth er svært nøgd med tilsetjinga:

– Vi er visse på at vi i Hans Antonsen får ein dyktig, engasjert og strategisk klok direktør, og ser fram til samarbeidet, seier ho.

Antonsen tek over etter Åse Ryvarden, som i september gjekk til Aschehoug Forlag.

Powered by Labrador CMS