Kulturpolitikk

FolkOrg: – Eit stramt kulturbudsjett, men med nokre lyspunkt

­Organisasjon for folkemusikk og folkedans er glad for at regjeringa har sett av pengar til 100-årsjubileet til organisasjonen og til satsinga deira som skal styrke eksport av tradisjonsmusikk, men skuffa over at dei ikkje har sett av pengar til regionale kulturfond i 2023.

Publisert Sist oppdatert

– I kulturbudsjettet foreslås å bevilge ein million kroner til 100-årsjubileet til ­Organisasjon for folkemusikk og folkedans (FolkOrg). Regjeringa viser med denne løyvinga at dei ser kor viktig det er å nytte eit slikt høve til å auke kunnskapen som den viktige kulturarven folkemusikken og folkedansen utgjer, skriv Liv Annette Nygjerdet, informasjonsrådgjevar i ­FolkOrg, på vegne av FolkOrg i ein epost til KulturPlot.

FolkOrg skal med dette jobbe med rekruttering, utvikling og mangfald for framtida i Noreg.

– Vi søkte om fire millionar, og må no sjølvsagt prioritere kva vi skal gjennomføre og ikkje, men vi skal gjere alt vi kan for å lage ei god feiring av folkemusikken og folkedansen i 2023, Nygjerdet.

Satsing på eksport av folkemusikk
FolkOrg har saman med Music Norway sett i gang det treårige eksportprogrammet EX.TRA, som skal styrke eksport av tradisjonsmusikk.

– Det er gode nyheiter at kulturministeren no har sett av ein halv million kroner til denne satsinga, seier Nygjerdet.

Ho påpeikar at i framlegget til statsbudsjett for 2023, skriv Regjeringa, at dei har sett i gang utgreiing av regionale kulturfond, som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Målet er å styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit.

– Arrangørforum, eit nettverk av arrangørorganisasjonar på musikkfeltet der også FolkOrg er med, lanserte ideen i 2017, og har saman med Norsk kulturforum, Creo og Norsk musikkråd, arbeidd for å få dette etablert. FolkOrg helsar utgreiingsarbeidet velkommen, sier Nygjerdet.

Skuffa over avgjerda rundt regionale kulturfond

Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg, er skuffa over at det ikkje er sett av pengar til regionale kulturfond i 2023, i ei tid der etterverknadane etter pandemien framleis slit på kulturlivet.

– I Hurdalsplattforma lova regjeringa å etablere regionale kulturfond. Vi set stor pris på at regjeringa har sett eit tydeleg mål om at regionale kulturfond skal styrkje samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit. Når kulturdepartementet no skal greie ut regionale kulturfond, håpar vi at organisasjonane på feltet blir sterkt involverte, slik at ordninga vil treffe best mogleg. Vi stiller oss til disposisjon, seier Dyrnes på vegner av Arrangørforum.

Positivt med auke til momskompensasjon for frivillige organisasjonar
– Det er veldig bra at regjeringa held fram med å auke momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Kulturministeren seier at det nå vil vere full kompensasjon. Det er usikkerheit kring om pengane held til det. Vi vil framleis arbeide for ei regelstyrt ordning, og ikkje budsjettstyrt, slik den er i dag, seier Nygjerdet.

Hun påpeiker at den raud-grøne regjeringa har gått høgt ut med målet om at kulturbudsjettet skal utgjere én prosent av statsbudsjettet, men at berekningar gjort av Creo syner at vi faktisk no er litt lenger unna målet.

Låg indeksregulering
– I ei tid med høg inflasjon, vil det bli stramme tider når tilskota er regulert med i underkant av tre prosent. Det gjeld både driftstilskot generelt og prosjekttilskot gjennom Norsk kulturfond. Det vil bety innstrammingar som merkast godt på eit kulturfelt som framleis merkar konsekvensane av pandemien godt, seier Nygjerdet.

– Vi skal sette oss nærmare inn i framlegg til statsbudsjett dei nærmaste dagane og vil delta med innspel når Stortinget skal ha budsjetthøyringar, seier Dyrnes.

Powered by Labrador CMS