Kulturpolitikk

Leder i Ap Jonas Gahr Støre t.v. og leder i Sp Trygve Slagsvold Vedum legger fram regjeringsplattformen ved Hurdalsjøen hotell.

Dette vil regjeringen gjøre for kulturlivet

Publisert Sist oppdatert

I dag la den nye regjeringen frem plattformen for sin politikk. Dette sier de om kultur:

Kultur og frivilligheit: Ein kultur å leve av og for

Kulturen bidrar til å skape både levande lokalsamfunn og eit godt liv for den enkelte. Regjeringas kulturpolitikk vil derfor støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet og leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen. Regjeringa vil gjennomføre eit nytt kulturløft som skal komme heile landet til gode, og særleg satse på den lokale og regionale kulturen. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur.

Regjeringa vil sikre at norsk framleis skal vere eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer, og som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår. Dei samiske språka er sentrale for framtida til den samiske kulturen og vil vere eit naturlig satsingsfelt.

Regjeringa vil:

  • Gradvis auke kulturens andel av statsbudsjettet til éin prosent.
  • Innføre regionale kulturfond.
  • Leggje til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet.
  • Gi full momskompensasjon gjennom ei regelstyrt ordning til idrett, frivilligheit og kultur.
  • Styrkje kunstnarøkonomien og leggje til rette for at kunstnarar og kulturarbeiderar får betrerettar og arbeidsmoglegheiter.
  • Sikre institusjonane og satse på det frie feltet.
  • Styrkje den regionale filmsatsinga, auke produksjonsmidlane til norsk film og gjennomgå filminsentivordninga med mål om å sikre fleire filmproduksjonar i Noreg.
  • Sikre ein desentralisert kinostruktur.
  • Innføre ei insentivordning for ny norsk dramatikk.
  • Styrkje Den kulturelle skulesekken og gjeninnføre Den kulturelle spaserstokken på statsbudsjettet.
  • Leggje fram ei boklov som sikrar fastprissystemet.
  • Styrkje litteraturformidlinga, blant anna gjennom innkjøpsordningane og ein ny leselyststrategi, og jobbe for fleire meiropne bibliotek.
  • Jobbe for likestilling og mangfald innanfor alle område i kulturlivet, blant anna gjennom å stille krav til dei som mottar offentlege midlar.
  • Støtte opp under arbeidet med Bodø som europeisk kulturhovudstad i 2024.
  • Satse på samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon.
  • Føre ein språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk blir føretrekt i alle delar av samfunnet.

Kulturarven skal løftast fram

Kulturarvsektoren er ein sentral del av kulturpolitikken. Regjeringa vil bidra til å samle og koordinere sektoren, støtte den frivillige innsatsen, som er heilt avgjerande på feltet, og løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv.

Regjeringa vil:

  • Sørgje for at 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering. Stiklestad
  • Nasjonale Kultursenter skal vere navet i jubileet. Det skal utarbeidast ein plan, for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot tusenårsmarkeringa.
  • Sørgje for at frivillige landsdekkande kulturvernorganisasjonar får grunnstøtte frå staten.
  • Evaluere museumsreforma, særleg med tanke på kåra for frivilligheita og moglegheitene for å mobilisere lokale ressurspersonar.
  • Leggje fram ein opptrappingsplan for Kulturminnefondet og greie ut skatte- og avgiftsinsentiv i kulturminnevernet.
  • Ta initiativ til eit nordisk prosjekt om opphavsstaden til kulturgjenstandar og tilbakeføringsdiskusjonar, og for Noregs del greie ut korleis gode ordningar for samarbeid kan løyse tilbakeføringsdiskusjonar.
  • Bevare dei synlege spora etter 22. juli-angrepet i Høgblokka, slik at dei kan inkluderast i arbeidet til 22. juli-senteret.
Powered by Labrador CMS