Bok

Prisvinnande ungdomsbokforfattar aktuell med roman om forelsking og Vestlandet

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka «Sinne» i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest. I haust er ho aktuell med bok to, «Eg blir her».

Publisert Sist oppdatert

­I «Eg blir her» møter vi Oda på 16 år. Ho bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Han drøymer om fortida, og maktar ikkje å vere til stades for Oda slik ho ønsker.

«Eg blir her» handlar om stormande forelsking og gryande seksualitet, om å akseptere dei vaksne sine feil og manglar, og om kjærleiken til Vestlandet.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f.1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Til dagleg arbeider ho som norsklærar i vidaregåande skule. «Eg blir her» er den andre ungdomsboka hennar.

Powered by Labrador CMS