Bok

Inspirerande biografi om Erling Braut Haaland

Ørjan Zazzera Johansen har skrive den uoffisielle biografien om Erling Braut Haaland.

Publisert Sist oppdatert

­Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjende nordmannen i verda akkurat no. Etter å ha dundra inn mål etter mål for den tyske storklubben Borussia Dortmund, har han i haust hatt ein eventyrleg debut i Premier League for Manchester City. Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei Erling Braut Haaland så god? Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i fotballverda?

Historia om Erling Braut Haaland er ei rikt illustrert bok med både fotografi og teikningar, kor vi får lese om oppturar, nedturar og den ustoppelege viljen til å bli betre. Boka kan inspirere alle fotballinteresserte barn som drøymer om å bli fotballproff.

Boka blir lansert på Bryne laurdag 15. oktober.

Forfattar og lesevitar Ørjan Zazzera Johansen (f.1974) har skrive denne uoffisielle biografien om Erling Braut Haaland. Johansen er sambygding av Haaland og har skrive fleire bøker om fotball.

Thomas Kirkeberg (f.1988) er illustratør frå Tønsberg. Han har illustrert fleire bøker for barn og unge.

Powered by Labrador CMS