Erlend Flornes Skaret er ute med romanen «Caninevangelium». Foto: Samlaget.

Erlend Flornes Skaret er ute med romanen «Caninevangelium»

Redaksjonen
Publisert: 5. mai 2022 kl 09.33
Oppdatert: 5. mai 2022 kl 09.39

­Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke.

Han trur ikkje på tid og rom, og han trur ikkje på begynningar og sluttar, men prøver likevel å sirkle seg inn på omstenda som har ført fram til at Kornelius no snart skal ringe på døra hans. Refleksjonane hans må like fullt snart vike for dei harde realitetane som innhentar han i eit svært fysisk her og no.

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte til begeistra kritikkar i 2011 med romanen «Wrocław», og har også skrive romanane «Lucida» (2013) og «Nomade» (2016). «Caninevangelium» er den fjerde romanen hans.