Bok

Bok: Hollywood kjem til Vestlandet i «Klodeklubben 5: Superheltmaska»

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen er aktuelle med femte bok i den populære spenningsserien Klodeklubben.

Publisert Sist oppdatert

­Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på Vestlandet. Ein dag dukkar det opp ein diger luksusbåt med eige helikopter. Det er eit film team som kjem til bygda, og dei skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero. Sjølv superstjerna, Alexandra Liu er med! Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenker Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg.

«Klodeklubben: Superheltmaska» er femte bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn frå 6 år og oppover. Serien er skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Kvar bok inneheld miljøfakta med klimajournalist Ole Mathismoen.

Ruth Lillegraven (f.1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. Ho har vunne Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013, og har vore nominert til fleire priser for diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er og Skogen den grøne.

Jens Kristensen (f.1975) er ein anerkjend illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole. for illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene vann han KUD Illustrasjonsprisen 2020.

Powered by Labrador CMS