Bok

Marianne Clementine Håheim skriv om ein ung mann som vel å flytte heim og overta gardsbruket han vaks opp på då faren plutseleg døyr.

Om menneske i krise og kor vanskeleg det kan vere å drive gard

Forfattar Marianne Clementine Håheim fekk idéen til sin nye roman etter å ha lese fleire nyhendesaker om dyretragediar i landbruket.

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– «Plikt» handlar om eit menneske i krise, nærare bestemt ein ung mann som vel å flytte heim og overta gardsbruket han vaks opp på då faren plutseleg døyr. Det viser seg å vere ei langt meir krevjande oppgåve enn han trudde, og kanskje ikkje ei han er klar for.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg idéen om å skriv romanen?

– Eg har sjølv vakse opp på småbruk, og sett kor mykje arbeid det er å ha ansvar for sjølv få dyr. Ideen fekk eg etter å ha lese fleire nyhendesaker om dyretragediar i landbruket. Eg kunne ikkje forstå korleis slike ting kunne skje, særleg sidan bøndene eg har kjent, har hatt stor omsorg og pliktkjensle for dyra sine. Eg ville skrive romanen for å prøve å kome fram til ei forståing av dette.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– At det er naudsynt med meir fokus på psykisk helse i landbruket, og at vi generelt må bli flinkare til å uttrykke bekymring og blande oss i «andre sine saker».

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Eg hadde lange periodar med skrivesperre! Tidvis måtte eg ta medvitne pausar frå skrivinga, fordi det blei så vanskeleg. Det som dreiv meg til å halde fram, var nok ein kombinasjon av staheit og tru på prosjektet.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg likar best å jobbe ute blant folk, i miljø kor det skjer litt rundt meg, for eksempel på kafé og bibliotek. Impulsar utanfrå gjer det lettare for meg å skrive. Elles er min måte å jobbe på håplaust ustrukturert og lite planlagt.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Eg sjølv, redaktørane mine.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Sirkel Sag, min favoritt-bonde/rappar. Det hadde vore interessant å diskutere tematikken psykisk helse i landbruket med han.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– «Tung tids tale» av Olaug Nilssen. Den er utruleg fin, og gir eit innblikk i korleis det er å vere pårørande til eit barn med spesielle behov - ei rolle som ofte blir oversett og tatt for gitt i samfunnet - og kor krevjande det er å kjempe for å få hjelp..

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– «Nevermoor: The Trials of Morrigan Crow» av Jessica Townsend, ei fantasybok for barn. Det er ei kjærkommen tilflukt i ein tidvis for verkeleg pandemi-kvardag.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Å gjere ingenting.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Marianne Clementine Håheim (33)

  • Yrke: Interessepolitisk rådgjevar i ROS - Rådgivning om spiseforstyrrelser
  • Utdanning: Litteraturstudium ved UiB, Tekst og skribent ved Westerdals, praktisk-pedagogisk utdanning ved HVL
  • Bustad: Bergen
  • Aktuell med: «Plikt»
  • Forlag: Oktober
  • Sidetal: ca. 100
Powered by Labrador CMS