Bok

Forfattar Mathias Nyhagen Asplund.

Inspirert av urkunst

Da forfattar Mathias Nyhagen Asplund skreiv diktsamlinga «Eins pust» blei han leda av ein fascinasjon for korleis den første kunsten blei til.

Publisert Sist oppdatert

Kva skriver du dikt om?

– Eg skriv dikt om ting eg ikkje kan begripe.

Er det noko fra ditt eige liv eller samtida du henter ideene til dikta frå?

– Litt begge deler sikkert. Det er en fascinasjon for korleis den første kunsten kunne bli til som leda meg fram til å skrive denne boka.

– I Nordland har vi ein unik type kunst i verdssamanheng. Ein kunst som ligg ute på berga og har gjort det i ti tusen år. Ein av mine store kilder til inspirasjon for denne boka var å sjå for meg menneska som samla seg og slipa fram dei bileta.

Kvifor dikt og ikkje roman?

– For meg er dikt og roman to heilt ulike ting. Dei er så langt frå kvarandre i det språket og den forma ein nyttar at i mitt hovud kan dei ikkje samanliknast. Eg trur aldri eg tok noko val: det eine eller det andre. Eg kunne aldri skrive dette i ei anna form.

Kva vil du formidle gjennom dikta dine?

– Det synest eg er litt vanskeleg å svare på. Eg skriv kanskje ikkje for å gi noko svar men meir for å dele ei undring. Dele den fascinasjonen eg har for dei tema eg tek for meg.

Er det eit av dikta dine du vil dele – og kvifor nettopp dette diktet?

før
namnet fant
stjernene

var eg dei

mykje mykje
nærare

før
månen
var eg ikkje
men var

alt

det andre

stjernene
o månen

fants ikkje då og ikkje
eg og alt anna som
var før

stjernene
o månen

– Eg vil dele alle!

Blir dikta dine til på kort tid etter du får ein ide eller kan du jobba med eit dikt i fleire år?

– Dikta kjem ofte fram raskt, men så må dei ligge litt, og så blir dei endra på. Det kan skje mange gongar.

– Det vanskelege er at ein da kan bli blind på diktet. Ein ser ikkje det som faktisk står der, men det ein trur ein har fått fram. Det er livsfarlig. Det er nok det farligste eg kan støte på i mitt yrke som forfattar.

De færreate diktsamlingar trykkast i store opplag. Ved å velge dikt som kunstform, vil det seie at du er meir opptatt av formidling enn av kor mange som kjøp diktsamlinga di?

– Eg velg aldri litteraturen eg les etter kor populær han er. Heller ikkje når eg skriv prøver eg å peile meg inn på noko som folk flest vil like. Eg må berre skrive det eg må skrive.

Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig dikter – og kvifor?

– Eg les mykje dramatikk, og bland dramatikarane er det mange som inspirerer meg. Heilt frå dei eldste og fram til notida. Kanskje er det noko med poesien i munnlege tekstar og replikker som inspirer meg.

Kan du nevne ein person du håper les diktsamlinga di – og kvifor?

– Eg håper mitt tippoldebarn leser diktsamlinga mi. Finn ho på ein bruktbokhandel i Danmark...

Fins det ei bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Eg snubla over Sigmund Mjelve for omkring eit år sidan. Bruktbokhandel. Han synst eg er verdt å lese.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Mathias Nyhagen Asplund (33)

  • Yrke: Forfatter
  • Utdanning: Skuespiller, London
  • Busted: Utenfor Bodø
  • Aktuell med: «Eins pust»
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Sidetal: 55
Powered by Labrador CMS