Synspunkt

Georg Arnestad advarar mot å lovfesta armlengdsprinsippet når regjeringa skal revidere kulturlova fra 2007: Det vil i praksis gi Kulturdepartementet og kultureliten vetorett overfor lokale og regionale kulturstyresmakter, meiner han. Her: Kulturminister Abid Raja.

Kulturlov til inga nytte

Ei strengare, meir kontrollerande og styrande kulturlov kan verte eit dødsstøt for lokal og regional kulturpolitikk, skriv Georg Arnestad.

Publisert Sist oppdatert

Georg Arnestad bur i Sogndal og er pensjonert seniorrådgjevar og kulturforskar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Sidan 2007 har vi hatt ei allmenn kulturlov i Noreg. No vil krefter i kulturlivet ha ei strengare, meir kontrollerande og styrande kulturlov. Dei vil òg lovfeste armlengdsprinsippet.

Det kan verte eit dødsstøt for lokal og regional kulturpolitikk.

Etter mange års iherdig kamp fekk kulturlivet i Noreg seg i 2007 ei sterkt etterlengta kulturlov. Fram til då var regelen at opposisjonspartia på Stortinget gjerne ville ha ei kulturlov, men så snart dei kom i regjeringsposisjon, vraka dei ideen. Sjølv hadde eg i 1991/92 i oppgåve å føre i pennen kvifor den då sitjande Ap-regjeringa til Gro Harlem Brundtland var imot kulturlova.

Det heile står å lese i Åse Kleveland si lange og kjedelege kulturmelding, «Kultur i tiden». I denne meldinga skreiv vi inn følgjande (s. 52):

«En kulturlov må, for å virke etter hensikten, ha et høyt presisjonsnivå. Det innebærer at staten på gå inn på å definere lokale kulturoppgaver…. På statlig nivå vil det kunne by på betydelige problemer å håndheve en allmenn kulturlov.» Det stemte då. Og det stemmer framleis.

LES MEIR | Gi kulturfeltet en god prosess på revidering av kulturloven, Abid!

Kulturlova kom med det raudgrøne Kulturløftet

Dette var også god kulturlatin fram til 2003/04, då Ap, Sp og SV utvikla sitt felles Kulturløft(e). Innføring av ei allmenn kulturlov var også eit viktig punkt i det Kulturløftet dei tre raudgrøne partia gjekk til val på 2005. Om dei verkeleg meinte alvor med dette, er framleis uklårt.

Kulturlova har ikkje hatt nokon innverknad på den fylkeskommunale eller kommunale kulturpolitikken.

Eg satsa sjølv i overmot i 2004 ei kasse god vin i eit veddemål med kulturlovas far, Magnar Bergo (SV), på at lovforslaget aldri ville verte lagt fram for Stortinget. Eg tok grundig feil. Stortinget vedtok kulturlova i 2007. Og vinen overrekte eg personleg til Bergo på hans høgtidelege 60-årsfeiring i Oslo i 2009.

Eg gjorde dette likevel med ein bismak. For alt i 2009 var det klart at den nye lova ikkje fekk noko (særleg) å seie, sjølv om meininga var at lova «skulle bidra til å sikre et mangfold av kulturtilbud over hele landet, og gi kulturen tyngde og status». Lova definerte då også kulturoppgåvene både til staten, fylkeskommunane og kommunane. Men staten, inklusive Kulturdepartementet og dei tre kulturministrane frå Ap, brydde seg ikkje med lova.

Kulturlov utan betydning

Lova har heller ikkje hatt nokon innverknad på den fylkeskommunale eller kommunale kulturpolitikken, sjølv om ein «av de uttrykte intensjonene med loven var å bidra til å styrke de økonomiske rammevilkårene for det lokale kulturlivet» - slik det går fram av Engerutvalets omfattande utgreiing «Kulturutredningen 2014».

Utvalet viste til at ein ikkje fann nokon «indikasjoner på at loven har hatt noen effekt på kommunenes kulturutgifter». Det vart også vist til ein del aktørar i kulturlivet som «har gitt uttrykk for til oss om at kulturloven har blitt ‘glemt’ etter at den ble innført og at det kreves en aktiv bruk av supplerende virkemidler for å sørge for at den får virkning i kulturlivet».

Ut frå dette foreslo Engerutvalet «å styrke lovgrunnlaget for kulturpolitikken på fleire av dens virkeområder». Kulturlova måtte utvidast og supplerast med sterkare verkemiddel som skulle gjere lova til «et meir aktivt verktøy». Det vart òg vist til andre føreslegne lover, som Boklova om fastpris på bøker. Ei lov som det aldri vart noko av.

Ei styrande og kontrollerande kulturlov

I stortingsmeldinga «Kulturens kraft», som kom frå Kulturdepartementet hausten 2018, heiter det at departementet vil gå gjennom kulturlova for at ho «skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og anvarsfordelinga mellom forvaltningsnivå og reflektere nasjonale måt for kulturpolitikken».

I praksis vil å lovfesta armlengdsprinsippet gi Kulturdepartementet og kultureliten vetorett overfor lokale og regionale kulturstyresmakter. Eit dødsstøt, altså.

Det vert òg vurdert å lovfeste det såkalla «armlengdsprinsippet» gjennom ei føresegn til kulturlova. Dette har sin bakgrunn i statens og, ikkje minst, kunstlivets sterke mistru til viktige delar av den lokale og regionale kulturpolitikken.

Generalsekretær Hege Knarvik Sande i Norsk kulturforum gir i sin KulturPlot-artikkel 13.02 full støtte til departementets arbeid med ei ny (og sterkare) allmenn kulturlov.

Det er ikkje uventa. Men det er trist at vesle NOKU har valt seg slik ei sørgjeleg kampsak.

Alle, inklusive NOKU, veit at kulturlova av 2007 ikkje har hatt nokon effekt på og i det lokale og regionale kulturlivet. Og staten har slett ikkje brydd seg med si eiga lov. Kvifor skal dette verte annleis framover på 2020-talet?

Vetorett for kultureliten og Kulturdepartementet?

NOKU og delar av kulturfeltet synest framleis å ha ei naiv tru på at det er mogleg å få til ei kulturlov som vil 1) lovfeste det kommunale kulturansvaret på linje med skule- og sosialfeltet, 2) sikre kompetansen i det lokale kulturarbeidet, og 3) sørgje for eit statleg tilsyn med at kommunane utfører kulturoppgåvene sine.

Stortinget vil sjølvsagt aldri vedta ei slik lov. Inga regjering vil heller leggje eit slikt lovutkast fram for Stortinget. Attpå alt trur nokon at armlengdsprinsippet må lovfestast som eit styrande prinsipp for all norsk kulturpolitikk. I praksis vil dette gi Kulturdepartementet (og kultureliten) vetorett overfor lokale og regionale kulturstyresmakter. Eit dødsstøt, altså. Men kanskje er det slik NOKU vil ha det? Trua på danskekongen er framleis sterk i det regionale norske kulturlivet.

Eg ønskjer meg også ein meir aktiv og synleg lokal kulturpolitikk. Men dette må kommunane, og dei nye fylkeskommunane, sjølve gjere noko med. Fleire påbod frå departementet, skjerpa statleg tilsyn og strengare lover fører sjeldan til lokal og regional utvikling. Og slett ikkje på kulturfeltet.

Powered by Labrador CMS