Synspunkt

«Så får tida vise om spaltistane kan bidra til å gjere KulturPlot interessant og relevant», skriv spaltist Georg Arnestad.

KulturPlot i eit omskifteleg kulturliv

Magne Lerø har spurt meg om å verte spaltist i hans nye digitale føretak kulturplot.no. Eg, mann 70, i periferien, har sagt ja. Men kvifor spør ikkje Lerø i staden kvinne 29, i sentrum? Sei det.

Publisert Sist oppdatert

Georg Arnestad bur i Sogndal og er nyleg pensjonert seniorrådgjevar og kulturforskar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

SYNPUNKT. Lerø vil no satse der andre, han sjølv inkludert, tidlegare har feila. Men kven vil betale for ein digital nettstad som vil vere «et bredt kulturmagasin med daglige nyhetsoppdateringer»? Dette i ei tid der media flest i Noreg, NRK inklusive, dei siste åra har skåre sterkt ned både på kulturjournalistikken og kulturkommentarane.

Journalistikk i endring

Kulturpolitikken vedkjem nesten ingen.

Kulturjournalistikken er altså i endring. Det vert færre kulturjournalistar. Men dei blir samtidig fleire. Det som har vore «Medier og kultur», er no blitt ein del av den allmenne journalistikken. Ikkje alle likar det. Men slik er det. Også litteraturformidling kan vere forbrukarjournalistikk.

Kulturpolitikken vedkjem nesten ingen. Strutsane i Morgenbladet mislukkast heilt med si kulturavis. Under årets valkamp var kultur og kunst på dagsorden berre i Kristiansand. Det gjekk ikkje særleg bra, anna enn for Demokratane. Men alt 14 dagar etter valet sprakk partiet. Kunsten har framleis ei viss sprengkraft.

Dei store, nasjonale kulturinstitusjonane får mindre merksemd. Men dei globale kultur- og medieprodusentane får mykje meir merksemd. Kunst og kultur, som industri, har aldri vedkome fleire menneske enn i dag.

Demokratisering av kulturen

Dette gjeld også kvalitetskulturen. Ein interessant prosess er i gang. Den bidreg til ei demokratisering av kulturen. Det ein mislykkast med på 1970-talet, vert realisert no 50 år seinare. Ikkje av staten, men av marknaden. Det er ikkje ironi.

KulturPlot må skaffe seg og få fram slike stemmer frå heile Noreg.

Media er blitt sosiale medium. Musikk, film og kino er blitt strømming. Boka opptrer ofte mest interessant som utgangspunkt for TV-seriar. Enkelt-kunstnarar får fine oppslag viss dei finn på noko heilt sprøtt, og dermed blir delt og lasta ned. Og dei veksande mediehusa er, naturleg nok, desperat på jakt etter den unge forbrukaren – som skal bli den trufaste brukaren.

Kulturpolitikken er under omlegging. Nye regionfylke og nye kommunar skal få større ansvar for kulturkronene. Det lokale og regionale kulturperspektivet frå 1980-talet vert vekt til live att. Den gamle regionale kulturhøvdingen Lidvin Osland gnir seg i hendene. Nyliberalistane i Venstre kan, om dei lykkast, realisere ei kulturpolitisk desentralisering Sp vil misunne dei i mange tiår framover.

Eit gledeleg teikn i tida er at kulturdirektøren i hovudstaden, Stein Slyngstad, i denne saka synest å ha meir tillit til og tru på regionale kulturpolitikarar og -byråkratar enn det dei sjølve har.

Sørgjeleg, men føreseieleg, er det derimot at NTO-direktør Morten Gjelten opptrer som talsmann for dei store urbane kulturinstitusjonane som ikkje har anna enn forakt overfor regionale kulturpolitikarar. Som om desse nokon gong har sagt at dei vil strupe norske kunstinstitusjonar.

Men akkurat no, mens dialogen mellom Kulturdepartementet og regionfylka om dei framtidige regionale kulturoppgåvene nærmar seg slutten, er det på tide at dei nyvalde fylkesordførarane kjem på banen. Ingen er tente med at tause og andletslause kulturbyråkratar aleine sluttfører dette arbeidet.

Ein 70-åring som meg er kanskje i ferd med å gå ut på dato. Men samtidig skjer det jo så mykje av stor interesse innanfor det nye kulturfeltet. Dei smarte tankane, dei originale blikka, dei formulerte fellesopplevingane av å vere til akkurat no. Finn nisjen. Finn stemmene. Finn dei tydelege røystene. KulturPlot må skaffe seg og få fram slike stemmer frå heile Noreg.

Må setje dagsorden

KulturPlot må såleis verte noko langt meir enn eit meldingsblad om saker som skjer i kulturlivet. For å verte interessant må magasinet (iblant) kunne setje dagsorden for kulturdebatten.

Eg ventar meg dessutan kulturkritiske kommentarar og, ein gong imellom, kritiske reportasjar eller artiklar om og frå det skiftande og mangslungne kunst- og kulturlivet. Og nye og overraskande vinklingar og perspektiv på Kultur- og Kunst-Noreg. Ikkje minst når det gjeld kulturindustrien.

Så får tida vise om spaltistane kan bidra til å gjere KulturPlot interessant og relevant.

Kulturdirektør Stein Slyngstad sine uventa, må eg seie, men gledelege betraktningar kring kulturkompetansen hos regionale kulturpolitikarar teiknar godt.

Powered by Labrador CMS