Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund. Foto: Nikolaj Blegvad / Norsk Bibliotekforening.

Norsk Bibliotekforening: – Lovande utkast til ny boklov

Publisert: 22. august 2022 kl 09.20
Oppdatert: 22. august 2022 kl 09.43

­Norsk Bibliotekforening synst det er gledeleg at høyringsnotatet framhevar at biblioteka er ein viktig del av bokøkonomien. Biblioteka si rolle som formidlar av mangfaldet og breidda i norsk litteratur blir understreka.

LES OGSÅ: Skal sikre fastpris på bøker

Biblioteka si økonomiske rolle som både bokkjøparar og arenaer for forfattarbesøk blir framheva. Bibliotekvederlaget blir òg omtalt som viktig.

– Dette gleder oss i Norsk Bibliotekforening. Sjølv om biblioteka er gratistilbod for folk flest, er vi med og gjev betre rammevilkår for forfattarane, understrekar Lund.

Ei minimumsløysing må inn i forskrifta

Av konkrete framlegg i lovutkastet synst Norsk Bibliotekforening det er bra at biblioteka framleis får høve til å kjøpe nye bøker med ein rabatt, som hittil har vore inntil 20 prosent av utsalsprisen. Nytt i lovframlegget er at forlaga skal levere eksemplar av digitale lydbøker til bibliotek.

– I notatet blir det sagt at det må gjerast eigne avtalar om vilkåra for pris og utlånsmodell mellom partane. Her vil vi vera særs tydelege og seie at ei minimumsløysing må inn i forskrifta, seier Lund.

Saken fortsetter under annonsen

I lova blir det ikkje skilt mellom bibliotektypar. Det blir òg sagt at e-bøker må sest på som det same som papirbøker.

– Det er særs bra om både folke-, skule- og fag- og forskingsbibliotek får same rettar. Vi trur likevel at alle bibliotektypane sitt utlån av e-bøker bør sikrast på same måte som for digitale lydbøker, avsluttar Vidar Lund.

Høyringsfristen for boklova er 18. november, og Norsk Bibliotekforening vil delta i høyringsprosessen. Du finn høyringsnotatet og lovutkastet her.

Ledige stillinger – kulturjobb