MusikkPlot

Nordstoga og Reistad feirar venskapen med singelslepp

Med den nye singelen «Brunkebekken» byr Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på ei livleg og livsglad vise, som gjer at ein kan gå jul og myrketid i møte med godt humør og eit smil om munnen. Singelen er fyrste smakebit på duo-albumet som kjem til neste år.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste kjenner Nordstoga som visesongar – og som går i bresjen for nynorsken – som han har blitt Spellemann-nominert for fleire gonger. Gitaristen Reistad er kjend som ein fornyar av folkemusikken. Saman er dei ein duo med både humor og glimt i auget.

Med den nye singelen, har dei alt 25 år bak seg med tett musikalsk samarbeid. Duoen Nordstoga og Reistad har ein heilt eigen energi i det dei gjer. Det høyrest lang veg at dei trivst i kvarandres selskap. Gjennom åra har dei opparbeidd ein solid venskap, og singelen og det komande albumet er ei hylling av dette.

«Brunkebekken» er opphaveleg ei gamal amerikansk folkevise. «Cripple Creek», som den heiter originalt, blei omsett til nynorsk av Hartvig Kiran og utgjeven i Noreg på 1960-talet. Aasmund Nordstoga formidlar teksten på ein framifrå og engasjerande måte, medan Åsmund Reistad fylgjer opp med den musikalske innpakkinga.

– Som folkeviser flest har den vori på vandring lenge – truleg frå Nord-Europa på 1800-talet til USA, og deretter attende til Noreg på 1960-talet. Det er Hartvig Kiran som må ha æra for at denne visa, og mange, mange fleire finst på norsk! Han var ei kjend stemme i NRK-radio i seiste halvdel av 1900-talet. Ikkje berre som opplesar, men som diktformidlar, programleiar og visesongar. Han var språksterk, og omsette frå fleire språk, fortel Aasmund Nordstoga før han held fram:

– Brunkebekken er ei kjærleiksvise. Den handlar om ein som er på veg til kjærasten, og som vassar lystig avstad, sjølv om han, eller ho, altså må over ein bekk for å koma fram. Ikkje den hardaste kjærleiksprøva med andre ord, men likevel. Det er fint med ørlite motstand før premien kan innkasserast!

Hartvig Kirans fine omsetjing blir godt ivareteken av Nordstoga og Reistad. Teksten blir servert klokkereint med stor innleving, og Reistads gitararrangement bygger opp stemninga.

– Singelen vår er en gammel amerikansk folkevise som nå er ikledd et moderne lydbilde der lytteren kan ane elementer fra både pop, americana og afrikansk musikk. Som instrumentalist og arrangør prøver jeg jo å underbygge historien i visa, og det føler jeg at vi har fått til på en god måte. «Brunkebekken» er morsom folkevise som er både lett, ledig og svingende, avsluttar Åsmund Reistad.

Powered by Labrador CMS