Annonse
Foto: Sara Johannessen, SCANPIX/montasje    
Portrett, Kjetil Rolness

Ein einmanns sannhets­kommisjon

Denne artikkelen vart publisert for fyrste gang 18. juni 2019. Du kan bestille eit gratis prøveabonnement på Magasinet Plot her. 

Dette skulle egentlig bli eit slags intervju med Kjetil Rolness. Der skulle eg stilla skarpe og borande spørsmål om kven han er, kva han driv på med, og kva han vil. Og kanskje setta han til veggs og få fram noen ufrivillige avsløringar. Det er ikkje blitt slik.

Kanskje er det enklare å karakterisera og analysera ein figur på avstand, utan at hen får høve til å blanda seg inn? Kanskje bygde eg opp ei overbevisning om at det var best å halda avstand? Er Kjetil Rolness ein mann som taper seg ved nærare kjennskap – eller er det omvendt? Det er ein sjanse å ta, og då kan det vera best å heller la det stå til med meir eller mindre skjult observasjon, research og teksttolking av spor og levningar han legg etter seg i trykte og digitale medier i offentligheten.

Eg var og inne på tanken om å tilby han «samtidig imøtegåelse» for å spara både meg og skriftstyraren for ubehageligheter, advokatar og faglige utval i etterkant. Det blei ikkje slik heller.

Kva er Kjetil Rolness? Det eg vil prøva å finna ut av, er kordan Kjetil Rolness har fått ein så sentral plass som meiningsdannar i norsk offentlighet. Kordan klarer han å kombinera fleire meiningsunivers og bli tatt på alvor i ulike kretsløp – både der han er velkommen inn, og der han er persona non grata?

Rolness tatt på eit slags ­alvor både på toppen, i midten og i dei mørke kjeldene nær ­botnen.

Der noen bare les og lyttar til og lar seg påverka av autoriserte meiningstoppar og det etablerte kommentariatet, og andre meiner at alt er dritt uansett, blir Rolness tatt på eit slags alvor både på toppen, i midten og i dei mørke kjeldene nær botnen. Har han betre enn noen andre klart å løysa koden for å linka det som skjer i åpne nettfora og det som pregar redigerte medier?

På eit tiår har han gått vegen frå relativt lugubre krokar på Facebook til å bli meiningsberar i Aftenposten. Han har utvikla ein tendens til å omtala seg sjøl i fleirtal, som det store VI. Då han kommenterte innstillinga frå Arbeiderpartiets migrasjonsutval på Facebook den 12. september i fjor, viste han tommelen opp og meinte at det var betre og klokare enn venta. I første setning skreiv han: «Det JEG likte best, var...» Litt lenger ned i teksten bytta han personlig pronomen: «VI registrerer også at...»

Kjetil Rolness’ hovudverk er boka «Vulgær og vidunderlig – en studie i utsøkt dårlig smak» frå 1992, på Aschehoug. Dette er ein omarbeidd versjon av magister­avhandlinga hans i ­sosiologi: «Kunstig og kulørt: invitasjon til ­smakens avviks­sosiologi» Foto: Aschehoug

Ein kan jo ikkje sjå bort frå at mannen er smart, grundig, hardtarbeidande og opplesen på relativt traurige dokument og statistikkar. Heller ikkje at han har injurierande kraft og dyrkar mistankens hermeneutikk eit godt stykke inn i det konspiratoriske. Han går laus på småkryp, men helst på størrelsar som Thomas Hylland Eriksen og superhelten Jan Egeland. Hans største triumf er nok runden med Statistisk sentralbyrå under og etter direktør Christine Meyer, som han skulda for å stuva bort kritiske forskarar og dekka til ubehagelige fakta om den låge sysselsettinga blant flyktningar for å vera innvandringspolitisk korrekt.

Det som interesser meg, er kva slags offentlig figur Kjetil Rolness er i dagens medieskapte og medieformidla virkelighet. Kordan fyller han det rollesettet han turnerer? For la meg minna om at Kjetil Rolness er sosiolog, og om det er noe det faget har tilført og tilsølt den norske tenkemåten med, så er det rollebegrepet.

Det er altså ikkje mennesket og personen Kjetil Rolness som er tema her, men Kjetil Rolness som persona – gjerne definert som i Store norske leksikon: karakter, rollefigur, gestalt, framtoning.

Rollnes’ hovudverk er «Vulgær og vidunderlig» frå 1992, med undertittelen «en studie i utsøkt dårlig smak». Det er ein omarbeidd og gjennomillustrert versjon av magistergradsavhandlinga hans i sosiologi: «Kunstig og kulørt: invitasjon til smakens avvikssosiologi». I eit intervju i Dagbladet sa Rolness at det var «morsomt å kunne pendle mellom en akademisk genre og det populære».

Huvudverket er «Vulgær og vidunderlig», men undertittelen «en studie i utsøkt dårlig smak». 

I 1995 sto Rolness for Norsk Forms utstilling «Vi innreder landet: smaken i hjemmet 1945-1995». Det blei publikumsrekord og stor debatt om interiør, smak og design. Materien kom også i bokform med tittelen «Med smak skal hjemmet bygges: innredning av det moderne Norge». Der gjekk han til angrep på fagfolks misjonering for «god smak» og «riktige møbler», og han mante til større forståelse og respekt for vanlige folks «koselige» hjemmeinnredning.

Rolness meinte at «mye er uimotståelig redselsfullt» og han hadde liten sans for begrensningar, for «alt som glimrer er gull». Og han budde som han lærte og tøysa med: Ungkarsleiligheta hans var overdådig utsmykka med yppige sigøynerpiker, gråtande småbarn, gamle fiskarar med snadde og sydvest, elgar i solnedgang, brølande kronhjortar og roterande lamper i glorete fargar. Han har ikkje flytta med desse artefaktene frå landet Vulgaria til rekkehuset der han nå bur med kone og barn – blant mellomlaga i havebyen der ein dyrkar finurlige distinksjonar i den kulturelle kapital. Den gode smaks motstykke i Bourdieu-beltet er ikkje dårlig smak, men avsmak og avsky. (Den franske sosiologen er kjent for sin teori om kulturell kapital og distinksjoner. Red.anm)

Kordan klarar Kjetil Rolness å kombinera fleire meinings­univers og bli tatt på alvor i ulike kretsløp – både der han er velkommen inn, og der han er persona non grata? På eit tiår har han gått vegen frå relativt lugubre krokar på Facebook til å bli meiningsberar i Aftenposten. Foto: Mimsy Møller, Samfoto

Etter kitsch og camp skreiv Rolness om ikonet Elvis – the King of Rock’n Roll. Han ga også ut «Bakmålsordboka: 1000 ord og uttrykk du ikke ante at du trengte».

Neste kampsak var pornografi. I den rikt illustrerte boka «Sex, løgn og videofilm» (2003) tok han «et usladdet oppgjør med mytene om porno». Han ville dokumentera at alliansen mellom feministar og kristenkonservative spreidde usanning om pornografi og førte politikarar, media og opinion på villspor. Han blei rimeligvis skulda for å driva propaganda for pornoindustrien. Året etter var han sakkyndig vitne i rettssaka mot redaktør Mattsson som delte ut gratis grovporno utan sladd i Oslos gater. Saka enda med frifinning i Høgsterett, så Rolness har ytt sitt bidrag til at hardporno blei lovlig i Norge.

Rolness vandra vidare til nye kampsaker og kontroversar. Så kom dei sosiale mediekanalane. Då var hans nye tid inne. Etter harde manøvrar i grumsete og uryddige landskap slo han seg inn i rolla som privatpraktiserande offentlig intellektuell.

Han sprang mye for seg sjøl med harde drag og høg puls – grundig, pinefullt og ­systematisk.

Sosiologi kan føra til så mangt dersom ein bruker mye tid på pauseromet og hoppar av i tide. Og det er alltid for seint å snu. Men om det er éi samfunnssak Rolness virkelig brenner for, men aldri ser ut til å få ferdig boka om, så er det den sosialt urettferdige boligpolitikken.

Eit ikkje usannsynlig scenario for Kjetil Rolness er at han mot pensjonsalderen satsar på ein doktorgrad i sosiologi. Slik kan han å visa at han er best der også, dersom han giddar.

Ved et løypedele på Kamphaug. Frå venstre: Forfattaren, Kjetil Rolness og Agnar Kaarbø. Foto: Privat

Eg har og treft han på eit sidespor, i løpesko. Det var ein vakker seinsommarkveld ved Sognsvann, 11. juni 2007. Eg var på veg til Øvre Blanksjø då eg i motsett løpefelt møtte ein kar eg tykte eg drog kjensel på. Han såg ut som han var ute i løynd og lufta sin dødsangst. Eg hadde ikkje venta å sjå Kjetil Rolness (46), i ein sånn kontekst. Etter noen gjensidig perfide merknader på mail om antrekk, stil og sinnelag, prøvde eg å nettverkskopla han på mitt løpande seminar. Han var skeptisk, for han hadde ikkje slått seg på løping for å prata og ha det trivelig, men for å trena hardt og halda kroppen ved like: a) fordi han hadde ung kone; b) fordi han hadde tendens til vom; c) fordi karrieren som Jens Pikenes krev kondisjon og styrke.

Han sprang mye for seg sjøl med harde drag og høg puls – grundig, pinefullt og systematisk. Det var full pinne, ikkje fordi han hadde lyst, men av estetiske, instrumentelle og formålsrasjonelle grunnar. Det var ikkje løpinga i seg sjøl som lokka, men det den kunne føra med seg. Forskjellen kan vera hårfin mellom ei sunn sjel i eit usunt legeme og ei sjuklig sjel i eit sunt legeme.

Han stilte i løp og sleit seg til gode plasseringar. Han fekk blod på tann og ga alt, for den mannen liker ikkje å tapa løp eller debattar. Men han forserte progresjonen, trente einsidig og fekk stadig overbelastningar og skadar. Ekstra galt gjekk det då han hadde lese seg opp på barfotløpingas velsignelsar. Han gjekk til anskaffelse av barfotsko, men så tok han den heilt ut: Etter ein halv time barbeint på tredemølle var han kjøttkake under føtene.

Penthouse Playboys med Jens Pikenes – Kjetil Rolness’ alter ego – i front, spelar på glam og sex, og har snart 25-års jubileum. Her er bandet i 2008-versjonen. Foto: Sebastian Ludvigsen

Eit par gonger møtte han opp i det løpande seminaret. Han dreiv opp farten og pulsen utan omsyn til sinkene. «Du er i god form», sa han til meg i ein motbakke, før han la inn ein rykk. Eg noterte i boka mi: «Rolness er ein harding!»

Han blei invitert til Brosteinskameratenes minneløp på Bislett. Rolness sprang 10.000 meter. Det var første gong på tartandekke, så han rekna med at det ville vera hardt for beina. Derfor hadde han dedusert seg fram til at det galdt å ha færrast mulig møte mellom bein og underlag, så han sprang med ekstremt lange steg. Plasseringsmessig kom han greitt frå det, men det irriterte han at han tapte med to sekund for éin stayer, og blei slått på målstreken av ein som han syntest såg ut som ein giktbroten gamal knark. Endå verre var det at den løpestilen han hadde lagt opp til på kalkulert og rasjonelt grunnlag, viste seg å vera så øydeleggande for beina at han knapt kunne bruka dei på ei veke. Han skulda på feil sko.

Dette kunne ha blitt hans bane som løpar, men han tok empirisk lærdom av fadesen og kutta ned steglengden. Det var ein overvinnelse for den som drøymer om lange og vakre elg-steg, men det er nødvendig dersom ein skal halda ut i det lange løp.

Året etter var han suveren i Minneløpet og vant alle distansar. Men det gjekk ikkje så bra i lauget av brosteinskameratar. Han viste seg å vera ein kulturframand og respektlaus individualist som ikkje ville jenka seg etter lagets verdiar og tradisjonar, så han sa frå seg førstepassen og melde seg ut med tilbakeverkande kraft. Ein kan seia at han kom, såg, vann og forsvann.

Jeg har han også mistenkt for å ha tatt sangtimer

Rolness spring framleis, sporadisk og mest for seg seg sjøl, med ein kvit ulldott av ei bikkje. Rolness påstår at den – som han – er smussavstøytande og sjølrensande, også etter gjørmebad.

Facebook: Den 20.desember 2018, klokka 10.04. Kjetil Rolness oppdaterte statusen sin med denne meldinga: «En god metadebatt forlenger livet». Sjeldan har han fått så få likes (48 etter 5 timar). Det plar vera det tidoble på kort tid.

Jens Pikenes (Kjetil Rolness) i Penthouse Playboys sang om den nye Erna Solberg under åpninga av eit ­landsmøte i Høgre. Her kysser han i kjend stil Erna Solberg på handa. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Ntb Scanpix

Dette tyder på at dei ivrigaste følgarane hans ikkje er med. For kva er metadebatt? Er det debatt om debatten? Distansert tulledebatt? Følgarane vil ikkje ha ordspel og morsomheter; dei vil ha klare meldingar og meiningar og kommenterte delingar. Kan dei stola på Kjetil Rolness dersom har driv og metadebatterer? Kva er hans «egentlige» prosjekt? Men når det gjeld Kjetil Rolness, trur eg «egentlig» er eit misvisande begrep. Det er å redusera han til ein kjerne med staffasje rundt. Han har mange lag, og det er langt inn til ein eventuell kjerne. Eller like gjerne: Dei ulike laga er hans kjerne, ei metakjerne.

På Facebook er Kjetil Rolness prinsipal og potentat i sitt eige baroni. Han har mange følgarar (32.744 per dato), men færre som han slepper inn som venner (1.708). Me har 485 felles, utan at eg legg mye i det fellesskapet: Eg er der mest for å driva skjult, deltakande observasjon. Han er omgitt av eit hoff.

Han blir laika og delt, mest på det som går på innvandring, mannesaker og ymist anna. Om ein følger ein Rolness-tråd av det vanlige slaget, går det ikkje lenge før the usual suspects dukkar opp. Det er ekkokammerkoret, men også dei vanlige solistane på jakt etter arenaer for å føra dei kontinuerlige krigane mot kvarandre. Rolness er sin eigen portvokter og redaktør. Han viser nettvett og tar sitt ansvar. Han utviser folk og stryk upassande kommentarar, men også slike som han meiner avsporar debatten. Han er som rottefangaren frå Harlem, eller han som går først og samlar rævadiltarar. Men han tryller også bort troll på forbilledlig vis.

NRKs Fredrik Solvang (t.v) leiar ein debatt om islam mellom sosiolog Kjetil Rolness og forfattar Hege Storhaug på Cosmopolite Scene. Foto: Fredrik Varfjell, NTB Scanpix

Han blir følgt som saksmann meir enn som privatperson. Spredningsintensiteten er lågare når han legg ut sine spesialinteresser: musikk og smaklause interiør. Ein sjeldan gong kan det oppstå rundar av eit anna slag. Det er når Rolness tar opp tema som passar betre for ironigenerasjonen enn for meiningsfundamentalistane. Då kan Kjetil Rolness også løfta litt på teppet for det som er backstage i hans eige perspektiv på det han driv på med.

Her er ein case: Torsdag 23. mai 2019, klokka 22.18, etter Debatten om pressa, prinsessa og sjamanen, la han ut ein staus om den tårevåte introduksjonen frå programleiar Fredrik Solvang, «Og ..eh.. Mia Gundersen? Og ein obskur gay svensk hoffreporter? Og den ellers så sindige og reflekterte Asle Toje … Hva i all verden hadde han røyket»? Då tråden hadde bukta seg i noen dagar, hadde Kjetil Rolness fått 475 likes, 95 kommentarar og 4 delingar – det er sånn omtrent på gjennomsnitt.

Noen ville diskutera pressen og fake news, andre monarkiet, prinsessetittelen, sjamanisme, oppmerksomhetssøking, det overnaturlige, kristendom, duellant og svigerson frå Helvete, Ari Behn, pluss og andre elefantar i rommet. Sjølvaste Fredrik Solvang tok den ironiske tonen, til akkompagnement av 154 likes: «Fy søren for en god sending! Beste jeg har sett på lenge! For en programleder, og for noen deltakere!» Rolness svarte med å komplimentera blazeren hans. Det gjekk over til andre mulige forkledningar, som veltrimma heilskjegg, noe Fredrik Solvang forkasta på genetisk grunnlag. Ein av Rolness sine fastaste disiplar fann det dermed bevist at facebookdebattar ikkje er som andre debattar: «Landets mest uavhengige og kritiske samfunnsdebattant kritiserer NRKs mest uavhengige og kritiske journalist. Her skal man ha tungen rett i munnen for å delta på den ene eller andre siden. Kudos til begge parter.» Fredrik Solvang smetter her inn ein påstand om at «Kjetil skal bare være kontrær mot det kontrære om det kontrære». Rolness parerer: «Jeg setter min kontrære i å være prinsipielt uenig.»

Rolness tar mål av seg til å vera ein privatpraktiserande, einmanns sannhetskommisjon.

Ein kan sjølsagt ikkje portrettera Kjetil Rolness utan å veva inn hans dobbelgjengar og alter ego: Jens Pikenes – utagerande posør, sjarmør, kvinnebedårar, vokalist og frontfigur i bandet Penthouse Playboys – med to svartkledde livvakter, pikekor og Jørn Mortensen som profesjonell bandleder. Pikenes er sjølutnemnd konge av det som også er sosiologen Rolness sitt spesialfelt: den utsøkte og overdådig dårlige smak, kitsch og klisjear.

Eg var på sesongens siste julekonsert, den 15. desember i fjor. Eg var tilskodar - ikkje deltakar, men dreiv deltakande observasjon. Det hende at det rykte litt i foten, men for det meste såg eg meg forundra rundt på dei som dansa, song med og vifta med armane på kommando frå Pikenes.

Kjetil Rolness har over 32.000 følgarar på Facebook. Innimellom debattinnlegg, har han delt denne gladnyheten om utlån av eigen garderobe. Foto: skjermdump, Facebook

Etter det eg har funne ut, har ikkje Kjetil Rolness anna musikalsk skulering enn eit kurs i munnspel på Heimtun, Buskerud folkehøgskole i Darbu. Derfor forkler Pikenes Rolness sin relativt dårlige sangstemme og sitt stive kroppsspråk i ekstravagante gevantar og utspjåka kostymer. Han kjører sine faste liturgi, og menigheta svarer. Det er som ei blanding av slektstreff og kontrollert laussloppe julegudsteneste. Dei mest ivrige er kvinner i moden alder, som er godt i farta etter vorspiel og vrikkar jula inn – mens mennene, om dei har noen medbrakt, held seg i den litt flaue bakgrunnen og hentar meir drikke i baren.

Pikenes lener seg tungt på kramgoda svenske låtar. Han briljerer med fottøyet i Herreys: «Diggi-loo diggi-ley, alla tittar på mig, där jag går i mina gyllne skor». Det er også heilt på sin plass at siste nummerer er «I will survive», med «Don’t stop me now» som ekstranummer.

Åse Kleveland toppar lista over gjesteartistar på julekonsertane (tre gonger og 12 show). Ho kjenner til Kjetil Rolness frå då ho var kulturminister og han arbeidde med provoserande utstillingar i Norsk Form.

– Jeg ble veldig overrasket da han spurte om jeg ville være med og framføre noen Elvis-låter. Det var fryktelig morsomt å bli spurt, så jeg sa ja til å åpne opp gjøre noe helt nytt og utfordrende. Og i det frirommet har jeg fortsatt å slå meg løs.

– Var det ikkje litt kleint også?

– Litt uskyldig klining på scenen er en del av det stramt definerte showet der både artister og publikum kjenner sine roller. Det er en velsignelse å jobbe med en som har så stor selvtillit og en gjennomtenkt strategisk plan. Når Kjetil sier at dette vil jeg at du skal gjøre, kan du yte motstand og komme med innvendinger, men du får vite det når det er noe han mener ikke passer inn i hans forestilling. Men vinner man drakampen og publikum synger med og jubler til tross for stjernas skepsis, ja da føles det som en triumf.

– Kan Jens Pikenes egentlig dansa og synga?

– Før den siste julekonserten sa jeg at vi burde ha en koreograf, så vi øvde inn noen dansetrinn. Jeg har han også mistenkt for å ha tatt sangtimer. For når det er noe han vil satse på, tar han det helt ut.

Då pressedronning og PEN-leiar ­Kjersti Løken Stavrum fylte 50, ønska ho seg Jens Pikenes i gave. Foto: Andreas Hompland

Til dokke som er meir opptatt av meiningar enn av maskerade, kan eg forsikra at Kjetil Rolness aldri lar Jens Pikenes ta heilt over.

Klokka 15.30, like før den første av to finalekonsertar, la han ut eit langt og skarpt forsvar for professor Terje Tvedt mot professor Runar Døving på Facebook. Han rakk også ei arbeidsøkt på Facebook mellom dei to forestillingane. Og mindre enn åtte timar etter siste forestilling, var samfunnsborgaren Rolness i gang igjen – mot ein av dei fremste favorittmotstandarane etter idéhistorikar Dag Herbjørnsrud og Rune Berglund Steen i Antirasistisk Senter: Eivind Trædal, gemal og politikar i Miljøpartiet De Grønne.

Rollespelaren Kjetil Rolness er både til daglig og til fest rimelig ryddig i rollene. Han er Rolness når han rolnessar i den mediale offentlighet, og han er Pikenes når han er artist og pikenes Jens. Begge har ein tendens til å dra rollene mot bristepunktet.

Samfunnsdebattanten Kjetil Rolness inntar ofte ein ekstrem posisjon for å provosera. Når han får motbør, er han ikkje utprøvande lenger; då tar han kraftig til motmæle og identifiserer seg med prøveballongane. I sine offentlige roller blir han det han forestiller og forsøker seg på. Sjøl om han kan prøva å føysa det bort med ein spøk om at han bare er «glad-rasist», blir han skikkelig fortørna over at noen puttar han i bås med rasistar.

Kjetil Rolness kan vera grov med andre i debattar, men han er ømskinna for kritikk – også i rolla som Jens Pikenes. Om noen påstår at han har dårlig sangstemme eller dansar stivt og dårlig, då tyr han til at kritikarane ikkje forstår seg på at det er kitsch og ikkje kunst.

«Norsk idyll» var tittelen på dette bildet frå ­Aschehougs hagefest då det blei lagt ut på Facebook. Foran f.v: Vebjørn Selbekk, Terje Tvedt, ­Nanzneen Kahn-­Østrem, Tomm Kristiansen. Bak f.v: Magnus Marsdal, Kjetil ­Rolness og ­Mohammad Usman Rana. Foto: John Olav Egeland

Store delar av publikum på dei grandiose julekonsertane veit rimeligvis at den innsmigrande og deilig vulgære vokalisten er same mann som den profilerte samfunnsdebattanten Kjetil Rolness. Men kontrakten mellom artist og publikum er at dei ikkje skal la seg merka av det: Publikum skal forhalda seg til den forkledde artisten, og artisten skal ikkje hinta til Rolness-agendaen.

Når Rolness har performances som Pikenes – utan band og utanfor julescenen på Rockefeller, taklar han det på ulike måtar. Av og til dukkar han bare opp som Pikenes med flørtande sang, vrikkar og replikkar – særlig i kvinnelige fødselsdagar eller til dømes som underhaldning for Erna Solberg på events i Høgre. I sånne encounters lar han det skina gjennom at det er eit heilt spesielt, hemmelig og intimt forhold mellom Pikenes og den utkåra.

Andre gonger kan han fylla to roller: Halda foredrag som sosiologen Kjetil Rolness om ettermiddagen og dukka opp i baren som Jens Pikenes om kvelden. Det er ei arbeidsdeling som passar på seminar på danskebåten eller konferansehotell for fylkeskommunale byråkratar eller tillitsvalde kvinner i Handel og Kontor.

Ein slags cross-over variant var det utvida Schibsted-begrepets offisielle markering av 50 årsdagen til Kjersti Løken Stavrum. Ho har ei historie som redaktør både her og der, direktør i NHO, presseorganisasjonar og Tinius-stiftelsen, og nå som leiar i ytringsfrihetsorganisasjonen PEN – etter William Nygaard.

Etter all hyllesten sa ho at det var ein tale ho gjerne ville hatt – av den framståande ytraren Kjetil Rolness. Han var dessverre forhindra, men hadde sendt Jens Pikenes som stand-in. Ho fekk full pakke, bygd rundt Pikenes sin kroppsnære og intime crooning av «Min første kjærlighet». Det var den vanlige fortellinga, som han også eksellerer i med dei kvinnelige gjesteartistane på julekonsertane. I tilfellet Løken var det noe om at ho hadde forført han på bakrommet då ho hadde sommarjobb på eit bakeriutsal i Indre Smålenene. Det hadde betydd meir for han enn ho noen gong kan forestilla seg.

Etterpå tok det av i kjent stil: Pikenes i hoftevrikkande dans med og rundt fødselsdagsbarnet. Og så sjølve finalen: Pikenes kalla alle kvinnene i salen fram til dans med han på scenen – kollektivt og ei for ei. Der sto dei og vifta med armane og rulla med hoftene, redaktørar, pressetillitsvalde og andre utvalde damegjester over og like under glasstaket.

Pikenes kom, såg, blei sett og forsvann til stor applaus. Etterpå dukka Kjetil Rolness opp som ein heilt vanlig mann med ei øl i pølsekøen, men og snart involvert i samtalar på rimelig høgt intellektuelt og kommersielt nivå.  

I Dagbladets nyare historie, «Alltid foran skjermen» av Martin Eide og Christine Myrvang, er Kjetil Rolness ein figur. Då han var sommarvikar i kulturavdelinga ein gong på 80-talet, var kultur- og interiørsosiologen rekruttert på kvoten for musikkjournalistar med puls og nye takter. Men han la også etter seg eit intervju med den faglig sterke og sosialt timide, men for anledninga uvanlig skrytande sosiologiprofessor og faglige gudfar Dag Østenberg.

Frå 1997 var Rolness fast helgespaltist i turnus i Dagbladet. Historikarane skildrar hopehavet slik: «Han har skrevet seg inn i den liberale dagbladtradisjonen og bemerket seg med en rekke – for mange – provoserende ytringer. Rolness har engasjert seg i alt fra hjemmeinnredning og porno til spørsmål om innvandring og integrering.»

Trass i at han hadde ein politisk ukorrekt dagsorden, kritiserte Dagbladet og medspaltistar, var Rolness tilsynelatande varig verna, for han og Dagbladet hadde gjensidig nytte av kvarandre. Han fekk dei sterke meiningane og krasse formuleringane sine grundig spreidde, og som aktiv nettdebattant i sosiale medier genererte han mye trafikk for nettavisa. Som ein bonus fekk Jens Pikenes vakre oppslag før julekonsertane.

I 2016 fekk Rolness Riksmålsforbundets Gullpennen. I begrunnelsen sa juryen mellom anna: «Kjetil Rolness mestrer det å ytre seg på alle meningsplattormene i det nye medielandskapet på en imponerende måte. Han er kjent for en frekk og uredd stil, der han kombinerer akademisk etterrettelighet med en slående, velformulert retorikk». Ved det høvet sa Dagbladets kulturpolitiske redaktør at Dagbladet set si ære i å leva opp til sitt samfunnsoppdrag som er å vera åpen, tolerant, raus og gjestfri, og at Rolness var «viktig for Dagbladet som en kontrær stemme».

Likevel skar det seg grundig. Det gjekk på debatten om norsk kultur, fleirkultur, islam og innvandring – in casu anmeldelsen av «Det internasjonale gjennombruddet» av Terje Tvedt, som er det næraste Kjetil Rolness kjem til å halda seg med ein ufeilbarlig profet. I desember 2017 rykte Rolness ut mot avisa og ein medspaltist med denne salven: «Dagbladet utdefinerer seg selv. Ønsker virkelig avisa å miste all troverdiget og gjøre seg irrelevant i dagens mest opphetede debatt?» Då blei han innkalla på teppet til ei formaning om redaksjonell og kollegial folkeskikk.

Tidligare kultur­minister Åse ­Kleveland har vore gjeste­artist flest gonger og skapt mye ­ballade på jule­konsertane til ­Penthouse Playboys og Jens Pikenes. Foto: privat

Det gjorde han også våren 2019, for Rolness heldt fram med å demonstrera sin frie uavhengighet. Han gjorde Dagbladets meiningsdiva Marie Simonsen til skyteskive, og animositeten var gjensidig. Det var neppe ei a-ha oppleving at dei to ikkje passa i same band.

Rolness sa takk for seg i Dagbladet. Kanskje var han det Dagbladets politiske redaktør Geir Ramnefjell har kalla «gjøkunge i mediehusenes flotteste reir: meningsjournalistikken». Kjetil Rolness gjorde overraskande lite ut av brotet, og då han slapp laus frå det spenningsfylte, men nyttige sambuarskapet med ungdomskjærasten Dagbladet, fekk han straks politisk asyl og kunne starta eit nytt og meir omfattande samliv med tante Kose i Akersgata. Då han blei presentert som spaltist i Aftenposten 29. mars, sa sjefredaktør Hansen: «Vi tror han vil utfordre leserne og gi Aftenposten enda større bredde. Han er ikke redd for å pirke i vanskelige tema.»

I tiltredelsesintervjuet kom Rolness med noen uvanlig audmjuke tankar og refleksjonar som kan lesast som element i hans spaltistiske poetikk: «Kanskje kan jeg bidra til å gjøre tanta litt skarpere og frekkere. Så kan tanta få meg til å rydde rommet, gjøre hjemmeleksene og slippe inn litt mer luft. Det må være en vinn-vinn-situasjon».

På spørsmål om kva som er det beste og verste med kommentarane hans, svarer han at det verste må vera at han kan oppfattast som «påståelig, skråsikker og kategorisk». Det positive meiner han er at han kan gå inn i kompliserte og ubehagelige område som kjønn, likstilling og feminisme, islam, innvandring og integrering. I kjend stil bemerkar han og at «jeg veldig glad for at Aftenposten har knyttet til seg en middelaldrende hvit mann, sånn at Makten får et talerør».

Inkluderingsperioden har vore kort og effektiv. Rolness var tilsynelatande lett å integrera og kan vera på rask veg til å bli assimilert og kooptert. I Aftenposten er han frigjort til å spela seg inn i ei ny rolle. Internt har han på kort tid aspirert til ein stanghelleaktig posisjon: ein meiningsberar som avisas journalistar, kommentatorar og leirarskribentar refererer til som offentlig autoritet og spydspiss i jakta på sanning. Eksternt har han fått ei endå tydeligare rolle i det meiningsdannande kretsløpet, trass i at han er for kjølig-arrogant til å få fast hybel med møteplikt i Dax18 og Debatten.

Spaltistkollega Knut Olav Åmås, direktør i Stiftelsen Fritt Ord og tidligare statssekretær for Høgre, formulerte det slik i Aftenposten 25. mai 2019: «Faktisk.no og frittstående mediekommentatorer som Anki Gerhardsen, Jan Arild Snoen og Kjetil Rolness fyller en kritisk rolle ved å rydde opp når journalister ikke gjør jobben sin. Det så vi denne uken med Rolness’ kommentar om Fafos rasismeundersøkelser, som ble behandlet ganske ukritisk i flere store medier.»

Frontstage ved lunsjborda på samfunnsfaglige universitetsinstitutt og i forskeria får han lite cudos. Der er Rolness eit skjellsord. Men backstage kan nikodemusar snakka vel om at han pirkar i autoritære og sjølgode institusjonar og autoritetar som sjølvaste nasjonalhelligdommen Statistisk sentralbyrå. Han får nok snart ein pris for folkeopplysning og ytringsfrihet frå Fritt Ord.

Kjetil Rolness har eit stort og stigande sjølbilde, og det er ikkje heilt grunnlaust. I offentligheten har han vore gjennom fasar med sterke og kontrære meiningar på eigen kjøl – på kant med det politisk korrekte. Han tok mål av seg og sette si ære inn på å vera eit slags parallelt meiningsunivers. Han har ikkje mykje tvisyn, men kan vera monoman og seriemonogram i profilerte meiningar.

Han har kjempa for undertrykte ytringar frå folk i utkanten av det akseptable i gode selskap. Om dei ikkje let seg oppdra til ein viss moderasjon, har han plassert dei i lugubre båsar. Han utnemnde seg sjøl til «djevelkvinnens advokat» då Hege Storhaug skreiv om islam som den ellevte landeplaga, men då ho tok av i hundre, sa han opp jobben som forsvarar og melde seg som frivillig aktor.

Rolness kunne ha brukt Goethes Faust som motto: «Die ich rief, die Geister, Werd’ ich nun nicht los». Ein gong fekk han sms frå Christian Tybring-Gjedde, som hadde oppfatta Rolness som ein medsamansvoren kampfelle. Gjedda klaga over at Rolness hadde begynt å irettesetta innvandringsrealistar. Rolness tok og på seg rolla om væpnar og førstetvedtianar då det suste rundt Terje Tvedt. Og han melde seg på som Sancho Panza for Trond Giske i kampen mot vindmøllene i VG – i den saka og i meir allmenn mediekritikk. Imperiet har slått tilbake: Presse-etikaren Trygve Aas Olsen har kalla han «mediekritikkens Sophie Elise», og Astrid Meland i VG har mora seg med å sjå han som endetidsprofet og gitt han utnamnet LOLness.

Rolness er ein grensegjengar i den liberale idealdebatten. Han har bidratt til å flytta grenser og utvida meiningsrommet slik at han sjøl kan moderera seg inn i ein sentrum, styra spelet frå midtbanen og vera forsonar mellom ytterfløyer. Som ein slags riksrevisjon meiner han seg å vera i posisjon til å skilla og dømma mellom det som kan passera og det som må haldast under observasjon. Han er godt nøgd når han har faktasjekka faktasjekkarane og kan skriva, som etter ein runde med Kristin Clemet: «Jeg har fått veldig få konkrete innvendinger til det jeg sa.»

Rolness tar mål av seg til å vera ein privatpraktiserande, einmanns sannhetskommisjon. Han er ikkje ein interesseorganisasjon med medlemmer og sponsorar i ryggen, og heller ikkje eit lobbyfirma med aksjonærar og profittkrav. Einmannsforetaket hans har frivillige og ikkje-betalande stakeholders.

Han har sjølsagt inntekt av å skriva i aviser og halda foredrag, men i bunn og grunn er den offentlige meiningsatleten Kjetil Rolness grovt subsidiert av artisten Jens Pikenes, som ikkje bryr seg med kva Kjetil Rolness meiner. Slik står han nær idealet for ein fri intellektuell og uavhengig aktør i den borgarlige offentlighet, som ein politikar som er arvelig belasta med formue slik at han er uavhengig av eigeninteresser og kan ofra seg for den allmenne vel – slik han ser det.

Etterord om habilitet. Skrivaren burde nok ha sagt seg inhabil då han blei beden om å portrettera meiningsmaskinen Kjetil Rolness. Me er ikkje personlige venner, men har hatt noen møtepunkt gjennom åra, støytt på kvarandre i ulike fora og sprunge 1234 kilometer saman. Me er begge magister i kultursosiologi frå Blindern, men av ulike sjatteringar, og hoppa begge av den akademiske sosiologien i tide. Me har begge vore spaltistar, hatt våre namn knytta til Dagbladet og av og til snakka off-the-record om honorar og ymse redaksjonelle tilskikkelsar. Backstage har det irritert han at eg sjeldan er interessert i kva han meiner, men kordan og korfor han meiner det han gjer frontstage. Eg gidder ikkje å krangla med han eller vera samd og usamd med han i saker. Kjetil Rolness er meir interessant som form enn innhald.

Takknemlighetsgjeld er farlig og undergravande for habiliteten, men det hadde seg slik at eg saman med Rolness og eit par andre hamna på besøk i ei hytte på Blefjell. På veg heim med Rolness som sjåfør i hans Alfa Romeo, var mobilen min borte. Eg romsterte og leita, men borte var den, same kor mye me endevende bilen. Den natta var eg på veg inn i ein djup, digital depresjon av utsikten til mobilen låg i snøen på fjellet og eg måtte bygga opp att livet mitt på ny.

Søndag morgon klokka 11.31 sende den empatiske sida av Kjetil Rolness denne tekstmeldinga: «Takk for å går! Lokalisert mobilen?» Eg var mobillaus og hadde sprunge ein lang tur for å stura. Eg heldt meg også unna PC, så eg fekk ikkje med meg denne meldinga i Messenger : «Hei Andresa! GLADMELDING: Mobilen din er funnet i bilen.» Først klokka 15.15 var eg på nett igjen og kunne svara: «Fantastisk!». Utpå kvelden dukka den empatiske sida av Rolness opp med mobilen – full-lada som ein ekstra service. Då eg hadde fått PUK og PIN på plass, sende eg denne tekstmeldinga: «Digital depresjon over. Tusen takk. Deres hengivne». Med svaret: «Alle hjerter gleder seg». Denne tildragelsen gjer meg sjølsagt susande inhabil. Det er nok derfor dette portrettet er blitt så pinlig vennligsinna. Beklagar, for den kødden hadde fortent noe betre – det vil seia: noe verre.

Det er eit sosialt anerkjent faktum i vide kretsar at det er uhyre lett å bli uvenner med Kjetil Rolness. Eg har prøvd i mange år, men aldri fått det heilt til. Derfor var det på tide å gjera eit nytt og alvorlig forsøk. Vil han nå legga meg for hat og meina seg utsett for eit komplott? Eller vil me møtast igjen, som om ingenting hadde hendt, på ein løpetur eller over ein øl med gode eller tvilsame venner? I gjensidig og shakespearsk forståelse av at me – og særlig han – spelar våre roller:

All the world’s a stage,
And all the men and women merely players;
They have their exits and their entrances,
And one man in his time plays many parts.

Og for å forvirra det endå eit hakk: I det denne artikkelen skal til å gå i trykken, dukkar Rolness opp med ei vakkert illustrert melding på Facebook om at han har åpna sin [les: Jens Pikenes sin] garderobe for tvillingsønene til ei aleinemor som skulle på skuleball og gjerne ville skilla seg ut litt i klesvegen.

For det fekk han på 24 timar 2.400 likes, og det trur eg må vera personlig bestenotering. Den mannen gjer kanskje mye godt og, men ikkje i det stille. Eg trykte også Like, med denne kommentaren: «I eit samfunn der forskjellane aukar og bommane blir høgare mellom folk, er dette eit godt føredøme i filantropisk veldedighet, empati og altruisme».

Kjetil Rolness

Kjetil Rolness (født i 1961 på Voss, snakker Harstad-dialekt) er sosiologen, skribenten, samfunnsdebattanten og artisten som engasjerer, provoserer og irriterer. Til de grader. I avisspalter og debatter, i bøker, på Facebook og på kulturscenen. Den ene dagen streit akademiker kledd i skjorte. Den andre dagen «rockestjerne» i glitrende sceneantrekk – da som sitt alter ego; Jens Pikenes. Ofte stikker han der det stikker som mest – i feminismen og kjønnsrollene, i innvandring og rasisme. I moralismen.

Annonse
Annonse

Kjetil Rolness

Kjetil Rolness (født i 1961 på Voss, snakker Harstad-dialekt) er sosiologen, skribenten, samfunnsdebattanten og artisten som engasjerer, provoserer og irriterer. Til de grader. I avisspalter og debatter, i bøker, på Facebook og på kulturscenen. Den ene dagen streit akademiker kledd i skjorte. Den andre dagen «rockestjerne» i glitrende sceneantrekk – da som sitt alter ego; Jens Pikenes. Ofte stikker han der det stikker som mest – i feminismen og kjønnsrollene, i innvandring og rasisme. I moralismen.

Annonse