Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) presenterer åpningsdato for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Foto
Fredrik Hagen / NTB

Nye 19 millionar kroner til kunstinnkjøp

Publisert: 28. juni 2021 kl 14.50
Oppdatert: 28. juni 2021 kl 14.50

– Me har sett at midlar til innkjøp av kunst har vore eit særs vellukka tiltak. Me har registrert gode tilbakemeldingar frå både museumsleiarar og kunstnarorganisasjonar. Difor tildeler me nye 19 millionar kroner til kunstmuseum rundt om i landet. Siktemålet med midlane er å stimulera skapande kunstnarleg aktivitet i alle delar av landet. Tiltaket medverkar samstundes til utvikling av samlingane ved musea, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

– I denne runden ynskjer me å vyrda samiske samtidskunstnarar særskilt. Difor tildeler me ein større del av avsetjinga til RiddoDuottarMuseat v/Sametinget og Nordnorsk Kunstmuseum.

Desse midlane kjem i tillegg til 51 mill. kroner som vart tildelt til same føremålet ved dei same musea i 2020 og 2021.

Midlane skal nyttast til kjøp av samtidskunst, kunsthandverk og design frå galleri og visningsstader i Noreg eller direkte frå kunstnaren. Innkjøpa skal knytast til kunstnarar som i hovudsak bur og verker i Norge.

Fordelinga av midlar går fram av oversynet her:

(i 1000 kroner)

Henie Onstad Kunstsenter

1 000

Drammens museum for kunst og kulturhistorie

1 000

KODE Kunstmuseer og komponisthjem

1 000

Musea i Sogn og Fjordane

1 000

Vestfoldmuseene

1 000

Preus museum

1 000

Lillehammer museum

1 000

Sørlandets Kunstmuseum

1 000

Haugalandmuseet

1 000

Museum Stavanger

1 000

Viti (tidl. Musea på Sunnmøre)

1 000

Museene i Sør-Trøndelag (MiST)

1 000

Museet Midt

1 000

Nordnorsk Kunstmuseum

3 000

RiddoDuottarMuseat v/Sametinget

3 000