Kulturpolitikk

926,1 millionar kroner til kulturformål frå speleoverskotet

– Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål, er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Publisert Sist oppdatert

– Vi vil ha eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Barn og ungdom som spelar i korps, syng i kor, spelar i band eller spelar teater er blant dei som nyt godt av desse tilskota. Vi styrker no Den kulturelle skulesekken, dei når alle barn og unge og er det største tiltaket i tildelinga, seier Trettebergstuen.

Overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespillova.

Fordelinga av spelemidlar til kulturformål (beløp i kroner):

Tiltak – kulturformål Fordeling 2022
Den kulturelle skulesekken310 000 000
Frifond190 000 000
Gåveforsterkingsordninga70 000 000
Regionale kulturbygg56 250 000
Bibliotektiltak49 700 000
Kulturrom46 050 000
Instrumentfondet30 000 000
Museumstiltak25 750 000
Amatørteatertiltak23 000 000
Nasjonale musikkorganisasjonar21 930 000
Arkivtiltak12 300 000
Aktivitetsmidlar for kor12 100 000
Ungdom og Fritid – aktivitet for ungdom11 000 000
Scenekunsttiltak10 000 000
Studieforbud9 380 000
Folkeakademienes Landsforbund8 925 000
Frivillighetens år 20226 000 000
Krafttak for sang5 610 000
Skeivt kulturår 20225 000 000
Historiske spel4 100 000
Ordningar for kordirigenter3 250 000
Norske kirkeakademier2 190 000
Midlar til fordeling seinare i 202213 543 000
Totalt926 078 000

Powered by Labrador CMS