Annonse
Annonsørinnhold
Kulturjobb

Seniorrådgjevar

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer deg som vil arbeide med den statlege frivilligheitspolitikken generelt og det frivillige kulturlivet spesielt. Til stillinga ligg ansvar for oppfølging av sentrale tiltak i Frivilligheitsmeldinga.

Arbeidet er knytt til den rolla avdelinga har som sekretariat for den politiske leiinga i departementet, som forvaltar av sektorpolitikk innanfor kultur og idrett, og til departementet sitt ansvar for å koordinere den statlege frivilligheitspolitikken. Oppgåvene vil vere varierte og utfordrande, og omfattar mellom anna utgreiingsarbeid, tilskotsforvalting, utarbeiding av vedtaksgrunnlag til politisk leiing, tilrettelegging av dialog med frivillig sektor og anna saksbehandling. Som seniorrådgjevar er det forventa at du tar sjølvstendig ansvar, og at du evnar å drive arbeidsprosessar framover.

Avdelinga har ansvar for to komande stortingsmeldingar: ei melding om barne- og ungdomskultur og ei melding om idrettspolitikken. Det kan bli aktuelt å delta i desse arbeida.

Du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet. Stillinga vil innebere samarbeid med andre departement og etatar.

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • fullført utdanning på masternivå eller høgare(lang erfaring kan kompensere for kravet til utdanning)
  • minimum 5 års relevant arbeidserfaring, inkludert minimum 3 års erfaring frå departement, direktorat og/eller frivillig sektor
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring med å leie arbeidsgrupper og prosjektgrupper
  • evne til å tenkje strategisk, rettleie andre og koordinere større arbeid

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som er

  • analytisk og samfunnsorientert
  • fleksibel og effektiv
  • raus, og som bidrar til god samarbeidskultur

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. I Kulturdepartementet får du brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Stillinga er plassert som 1364 seniorrådgjevar. For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du mellom anna ha minst 5 år med direkte relevant erfaring.

Stillinga som seniorrådgjevar er lønt frå kr 532 300 til kr 691 400 i året. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetning på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Koppang, telefon 22 24 80 49 / 992 27 235 eller avdelingsdirektør Heidi Karlsen, telefon 22 24 78 38 / 480 26 077.

Om oss

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Avdeling for sivilsamfunn og idrett har ansvar for den statlege idrettspolitikken, kulturpolitikken for barn og unge og eit overordna ansvar for koordinering og samordning av den statlege frivilligheitspolitikken. Dette inneber mellom anna forvalting av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsføremål, kulturføremål (til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, grasrot og Frifond).

Stillinga er plassert i seksjon SI2. Seksjonen har hovudansvaret for sivilsamfunnsområdet, kulturpolitikken for barn og unge og arbeidet med rammevilkår for frivilligheita. I dette ligg oppfølging av Frivilligheitserklæringa, etatsstyring av Kulturtanken, tilskotsforvalting til mellom anna Frifond, ulike ordningar for det frivillige kulturlivet, inkludering i idrettslag og lokale aktivitetsmidlar til idretten. Seksjonen har hovudansvaret for oppfølging av Meld. St. 10 (2018–2019) "Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken".

Om stillingen

Arbeidsgiver: Kulturdepartementet

Kontaktperson: seniorrådgjevar Therese Koppang, telefon 22 24 80 49 / 992 27 235 eller avdelingsdirektør Heidi Karlsen, telefon 22 24 78 38 / 480 26 077.

Stilling: Seniorrådgjevar

Varighet: Heiltid Vikariat/mellombels

Søknadsfrist: 19.02.2020