Annonse
Annonsørinnhold
Kulturjobb

Rektor

Stiftelsen Setesdal folkehøgskule er ein frilynd folkehøgskule og vart stifta i 2010. Vi er i dag godkjend for 87 elevar. Skulen har 12 tilsette og har i tillegg til klasserom, internat, kjøkken og spisesal, idrettshall og eit romsleg uteområde. Vi har tilgang til motorsportanlegg og ulike klatrefasilitetar i Valle. Skulen er lokalisert på Nomeland i Valle, nær Rv9, og er lett tilgjengeleg for offentleg transport. Skulen ligg nær naturen med mange mulegheiter for aktivitet og rekreasjon. I tillegg er vi i ein kommune med sterke tradisjonar innan kultur, handverk og formidling.   Setesdal Folkehøgskule har linjer for motorsport, klatring og e-sport. I tillegg arbeidar vi med å få på plass nye linjer; folkemusikk, friluftsliv og paragliding, med planlagt oppstart hausten 2021. Skulen har frå 2021 aldersgrense 18 år, med unntak av motorsport som har aldersgrense 16 år.

Setesdal Folkehøgskule søkjer ein inspirerande, samlande og tydeleg rektor som har evne og vilje til vidare utvikling av skulen- i tråd med folkehøgskulebevegelsen sine verdiar og føringar og skulen sine målsettingar og strategiar.

Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen, pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor rapporterer til styret, som er skulen sitt øvste organ.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna administrativt, økonomisk og pedagogisk ansvar for skulen
  • Personalansvar
  • 100% stilling, med 20% undervisning og 80% administrasjon
  • Utvikle ein trygg, inkluderande og mestringsorientert skule for tilsette og elevar
  • Følgje opp folkehøgskulane sine målsettingar og føringar
  • Følgje opp skulen sine målsettingar og planar
  • Delta aktivt i rektorkollegiet ved folkehøgskulane
  • Samarbeid med kommune, lokalt næringsliv og frivillige lag og organisasjonar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå inkludert pedagogisk utdanning
  • Relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • Erfaring og kunnskap om folkehøgskular
  • Innsikt og forståing for økonomistyring og drift
  • God forståing for rammevilkår og forvaltning

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein tydeleg og engasjert leiar med evne til strategisk planlegging og god gjennomføring
  • Du skaper gode relasjonar til tilsette og elever basert på tillit og gjensidig respekt
  • Du har evne til samarbeid internt og eksternt, og kan bygge nettverk med lokale og andre strategiske samarbeidspartnarar
  • Du er strukturert og målretta, har god rolleforståing og evne til teamutvikling og delegering av oppgåver
  • Du er god på formidling munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Vi kan tilby ein spennande, utfordrande og hyggeleg arbeidsplass
  • Delingskultur og felleskap med rektorar i folkehøgskulane
  • Høve for å utvikle deg som leiar
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsavtale, Statens Pensjonskasse

Tilsetting snarast, eller etter avtale.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Olav K. Hovet
Stillingstittel: Styreleder
Mobil: 942 94 594
Kontaktperson: Roy N. Wetterstad
Stillingstittel: Nestleder
Mobil: 966 40 299
Annonse
Annonse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Olav K. Hovet
Stillingstittel: Styreleder
Mobil: 942 94 594
Kontaktperson: Roy N. Wetterstad
Stillingstittel: Nestleder
Mobil: 966 40 299
Annonse