Annonse
Annonsørinnhold
Kulturjobb

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med utgreiingar og handsame konkrete saker knytt til litteratur- og kulturvernområdet
  • Bidra til å sikre god støtte til politisk leiing på litteratur- og kulturvernområdet, inkludert å klargjere talepunkt, bakgrunnsnotat og anna skriftleg materiale for politisk leiing
  • Halde deg oppdatert, analysere utviklinga og gje råd om vidareutvikling av saksfeltet
  • Bidra aktivt i strategisk utviklingsarbeid og bidra til å styrkje avdelinga sin samla kompetanse på litteraturområdet
  • Utføre andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga, som t.d. forvalting av tilskot

Departementet ønskjer at alle medarbeidarar skal bruke kompetansen sin for å støtte kollegaer, også på tvers av seksjonar og avdelingar. Du må derfor vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.

Kvalifikasjonar

Du må ha relevant universitets- eller høgskuleutdanning på master- eller hovudfagsnivå. Lang erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. Kjennskap til (samfunns)økonomi og teknologisk utvikling er ein fordel. Vi treng ein medarbeidar med stor gjennomføringsevne som klarer å kombinere løpande sakshandsaming med langsiktig strategisk arbeid. Du må ha analytiske evner, god dømekraft og evne til å prioritere. Du må arbeide strukturert og kunne sikre framdrift i arbeidsprosessar. Du må òg samarbeide godt med andre, vere fleksibel og ta initiativ. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er naudsynt.

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen i kulturvernavdelinga er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Tittel for stillinga er 1436 rådgjevar eller 1438 seniorrådgjevar. For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du mellom anna ha minimum fem års erfaring som er direkte relevant for stillinga.

Løna er frå kr 464 000 til kr 563 700 i året (rådgjevar) eller frå kr 532 300 til 691 400 i året (seniorrådgjevar). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Gunhild Strand Molle på telefon 22 24 70 18.

Om oss

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Kulturvernavdelinga har ansvar for arkiv, bibliotek, visuell kunst, arkitektur, litteratur, språk, kulturbygg, museum, immateriell kulturarv og samiske saker. Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.

Stillinga er plassert i KV1. Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek. Seksjonen har òg ansvar for bibliotek, litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar og koordinering av departementet sitt arbeid med forsking og utvikling (FoU).

Om stillingen

Arbeidsgiver: Kulturdepartementet

Kontaktperson: Gunhild Strand Molle på telefon 22 24 70 18

Stilling: Rådgjevar/seniorrådgjevar

Varighet: Heiltid Vikariat/mellombels

Søknadsfrist: 19.02.2020