Kulturjobb

Prosjektkoordinator - ung kunst og kultur

av: Kulturjobb
Publisert: 11. november 2020 kl 11.59
Oppdatert: 24. november 2020 kl 09.50

Satsing på barn og unge står sentralt i tida framover. I dette ligg det også at avdelinga har fokus på korleis deltaking i kulturlivet påverkar den enkelte si helse. Nyare forsking, kunnskapsgrunnlag og komande stortingsmelding om kultur for barn og unge, legg føringar for utvikling av området. Målet er å sjå samanhengar og synergiar mellom tilboda innan kunst og kultur for barn og unge og avdekke korleis desse kan nyttast betre.

Den som blir tilsett må ha eit sterk ønske om å arbeide aktivt for å utvikle ein organisasjonskultur som skal bere preg av å vere dynamisk, entreprenørprega og kreativ for at vi skal utvikle feltet inn mot ei ny tid.

Vi ser at det er eit potensiale i å ta ut synergiar mellom Den kulturelle skolesekken (DKS) og Ung Kultur Møtes (UKM); to ordningar som rettar seg inn mot same målgruppe. Den som blir tilsett skal arbeide aktivt for å finne samanfallande område knytt til DKS sine nasjonale krav og UKM-arbeidet regionalt/ lokalt. Ein suksessfaktorar vil vere å få til gode og konstruktive medverknadsprosessar med barn og ungdom, og drive fram resultat. Ytterlegare suksessfaktorar er samarbeid med kommunane, kunstnarar, profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar og det frivillige feltet.

Den som blir tilsett må ha eit sterk ønske om å arbeide aktivt for å utvikle ein organisasjonskultur som skal bere preg av å vere dynamisk, entreprenørprega og kreativ for at vi skal utvikle feltet inn mot ei ny tid.

Du får jobbe med å

  • koordinere og vere drivar i evaluerings- og utviklingsprosjekt knytt til kunst- og kulturformidling
  • vere drivar og bidragsytar i kulturavdelinga sine programsatsingar/ prosjekt
  • utvikle kunnskapsgrunnlag, analysere, greie ut og bidra i det regionale planarbeidet knytt til kultur og folkehelse overfor barn og unge
  • delta i, utvikle og drive nettverk, samt legge til rette for kompetanseutvikling
  • iverksette og vidareutvikle ny driftsmodell for UKM
  • vidareutvikle driftsmodellen i DKS, samt delta i å programmere, planlegge og drifte turnear og laug/verkstader

Vi søker deg som har

  • høgare utdanning innan på høgskule- eller universitet (mastergrad eller likande), fortrinnsvis innan kunst- og kulturområdet
  • kunnskap om og erfaring frå barn/unge og nasjonale/ internasjonale trendar og føringar innan feltet
  • kunnskap om prosessleiing, involverings- og medverknadsprosessar
  • erfaring frå arbeid i team, nettverk og kompetanseutvikling
  • erfaring frå offentleg forvalting
  • evne til å jobbe sjølvstendig, vere nysgjerrig og samtidig dele og inkludere (samhandlingsevne)
  • gode kommunikative evner, både skriftleg og munnleg (engelsk/ norsk)
  • evne til å jobbe på lag, vere lyttande og ein pådrivar for feltet
  • førarkort, kl. B.

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet
i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk
aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Avdelinga har 42,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300
millionar kroner.

Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kunst og kulturfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og
kulturelt. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod. Det er kort veg til flyplass
med avgangar til inn og utland i alle våre tre byar.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.

Om stillingen:
søn 20.02.2022 23:47

 
 
Søknadsfrist: 23.11.20
Stillingstype: Fast
Kontaktepersoner: Ragnhild Holsvik, Seksjonsleiar. E-post: ragnhild.holsvik@mrfylke.no. Telefon: +4771280479
Monica Kjøl Tornes,Assisterande kulturdirektør.E-post: monica.kjol.tornes@mrfylke.no. Mobil:971 95 375. Telefon: +4771280291