Kulturbransjen

Kulturselvangivelsen | Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund

Innkjøpsordningane, leselyst, bibliotekutvikling og lokale kulturbygg bør bli budsjettvinnarane, dersom regjeringa aukar kulturbudsjettet, ifølge Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.

Publisert Sist oppdatert

Kva kulturelle opplevingar eller verk vil du tilrå til andre?

Eg går gjerne i operaen. Etter gjenopninga har eg sett både Rigoletto og Jenufa og gler meg til resten av vårsesongen. Eit besøk på nærmaste bibliotek vil eg òg sjølvsagt tilrå.

Om regjeringa aukar kulturbudsjettet med 100 millionar, korleis vil du fordele midlane?

For det fyrste: Alt for liten auke! Deretter ville eg sett av ein god slump til innkjøpsordningane, leselyst og bibliotekutvikling. Lokale kulturbygg bør òg bli ein budsjettvinnar.

Bør løyvingane til kultur aukast, eller må vi bu oss på reduserte løyvingar til kultur når eldrebølgja rullar inn over dei offentlege budsjetta?

Det er sagt at vi kan ikkje berre ha noko å leva av, vi må ha noko å leva for. Det gjeld like mykje eldre som alle andre. Det er eit godt argument for at å bruke pengar på kultur er ein viktig del av å takle eldrebølgja. Eg trur at dei som blir eldre i åra framover vil ha større forventingar om å få tilgang til profesjonell kultur enn dei som vart fødde føre 2. verdskrigen.

Kva er plussar og / eller minusar med Anette Trettebergstuen som kulturminister?

På plussida er det ekte engasjement, politisk røynsle etter å ha jobba med feltet på Stortinget frå før og gjennomslag i regjering. Ingen store minusar så langt, men det er klart at for ein sektor som treng ei armlengds avstand for å kunne gjera jobben sin er det utfordrande om ei politisk leiing detaljstyrer for mykje.

Satsar forlaga for mykje på bestseljande forfattarar?

Når det gjeld utgjevingspolitikk verkar det som at breidda er større enn før, t.d. for påmeldingar til innkjøpsordningane. Det er bra med debutantar, og det ser ut som at både tema og format blir utfordra og utvikla. Men det kan sjå ut til at marknadsarbeidet er meir konsentrert om færre, og at biblioteka blir stadig viktigare som kanal for dei nye og unge forfattarane.

Bør teatra i større grad enn i dag setje opp framsyningar med stor publikumsappell?

Med den støtta teatra får, er det eit viktig krav at dei framleis set opp framsyningar med SMAL publikumsappell!

Du får velje éin: Kva kultursak / kulturform / kulturarrangement fortener meir merksemd?

Den gode samtalen på biblioteket! Arrangementet der forfattaren møter levande menneske og utfordrar og blir utfordra. Dei skjer over heile landet kvar einaste dag, men blir lite omtala i media anna enn som førehandsomtale. Ei utfordring til journalistane: gå på arrangement på biblioteket og skriv ei melding etterpå, som ein gjer på konsertar, teater og andre kulturarrangement.

Om du måtte velje?

Teater – Rockekonsert

Karl Ove Knausgård – Sigrid Undset

Kino – Netflix

Øl – Vin

Papirbok – E-bok

På scenen – I salen

Beatles – Rolling Stones

Vernissasje – Fotosafari

Vebjørn Sand – Bjarne Melgaard

Opera – Country

Powered by Labrador CMS