Framsyninga er full av musikk og humor, og Iren Reppen har eit sterkt «manneband» i ryggen.
Foto
Dag Jenssen

Reppen tilbake med ny soloframsyning

Publisert: 29. mai 2021 kl 09.00
Oppdatert: 31. mai 2021 kl 08.43

For 26 år sidan tok unge Iren Reppen Noreg med storm med soloframsyninga «Det e hardt å være mainn». Framsyninga blei filma og sendt på TV, musikken blei spelt inn på CD og spelt i radioen. To sjefsjobbar seinare er Reppen framleis tøff i trynet. Denne gangen handlar det om at «Det e hardt å være b**ch».

Det Norske Teatret kan igjen opne dørene for premierepublikum med framsyninga der Iren Reppen i eit slags sjølvransakande eventyr spør seg sjølv om ho på jakt etter makt eigentleg blei... ein bitch.

Den unge jenta frå nord ønska seg opp og fram, kjente at ho hadde noko å by på, noko meir. Ho opplevde å bli hylla for showet sitt, men også at alle lo av henne. Ein norsk komikar klipte ut ein sekvens av framsyniga hennar og laga ein komisk karakter. Ho lo med, men inst inne var ho vel eigentleg litt såra?

Kva er makt?

Alt dette blei gløymt da telefonen ein dag ringte, og ho blei headhunta til toppjobben ved Hålogaland Teater. Ein teatersjefperiode seinare førte vegen henne vidare som kunstnarleg leiar for Peer Gynt-stemnet på Gålå.

I «Det e hardt å være b**ch» undersøker ho kva den berusande kjensla av å makt gjer med ein. Gjennom eigne tekstar og til musikk av Svein Gundersen, leiar Reppen og bandet hennar publikum gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønske om å vere god nok. For kven er ein som menneske, og kven blir ein i rolla som sjef? Kva gjer makt og posisjon med ein? 

Meir om «Det e hardt å være b**ch» her.