Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar med Den umoglege valmuehagen på Det norske teatret.
Foto
Det norske teatret

Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

Publisert: 6. november 2021 kl 08.00
Oppdatert: 6. november 2021 kl 08.00

Øyvind Rimbereid skriv for scenen for første gong, sterkt oppfordra etter suksessen langdiktet «Solaris korrigert» gjorde i sceneversjon i 2015. «Den umoglege valmuehagen» er tittelen på dramatikardebuten som også er ein dyster framtidsvisjon - men finst det håp?

DEN UMOGLEGE VALMUEHAGEN
av Øyvind Rimbereid
URPREMIERE TORSDAG 4. NOVEMBER KL. 20.30
UTSTILLINGSOPNING KL. 20.00
SCENE 3

Rimbereid blir rekna som ein av sin generasjons fremste og mest originale lyrikarar. Han er kjent for sin poetiske originalitet, og tematisk er det samtida som opptar han – gjerne sett gjennom fortida eller framtidas briller. Igjen tar han publikum med ned under jorda. Det kan verke som at jorda er blitt ubeboeleg, utan at det er heilt slått fast. Langt nede i underjordiske gangar arbeider Dis og Sviar. Dei dyrkar eit hav av valmuar og har tilsette som bygger nye ortar til å leve i der nede. Men er det eit paradis eller eit helvete dei lagar? Og korleis kom eigentleg Dis dit ned?

Til denne framtidsfabelen har regissør Peer Perez Øian fått med seg elektronikaartist og musikar Sandra Kolstad til å komponere songar og lydsporet til framsyninga. På Scene 3 smeltar dette saman til noko i grenselandet mellom science fiction og psykologisk thrillar.