DP helg

Flukten er: Hanna Paulsberg, Hans Hulbækmo, Bárður Reinert Poulsen, Marius Klovning.

Ny singel fra Flukten

Albumet kjem i september.

Publisert Sist oppdatert

Flukten skapte stor ståhei koronahøsten 2021, etter at dei hadde sin debutkonsert på Nasjonal Jazzscene. Blant anna skreiv kritikarane: «er det noen banddebuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne». Bandet, beståande av dei profilerte musikarane Hanna Paulsberg, Hans Hulbækmo, Marius Klovning og Bárður Reinert Poulsen, kjem endeleg med første smakebit frå albumet som kjem i september 2021, skriv plateselskapet i ei melding.

Hør Velkommen håp her

Kva skjer når du sperrer inne fire av dei mest kreative musikarane i norsk jazz? Dei skaper.

I mars 2020, då koronapandemien stengte Noreg, fann Flukten sin fristad. Flukten er styrt av ein ting - viljen til musikk.

Flukten består av musikarar frå nokre av dei mest kritikarroste banda i norsk jazz dei siste åra: Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Hullyboo, Skadedyr og Trondheim Jazzorkester.

Etter Fluktens debutkonsert på Nasjonal Jazzscene i fjor skreiv mellom anna kritikarane «er det noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne.»

Med referansebiblioteket fylt med John Scofield, Joe Lovano, Per «Texas» Johansson, Salif Keita og Paul Motian, tek dei vegar om hip hop, soul eller folkemusikk frå kvar det skal vere. Her kan alle spontane innfall bli dyrka fram og utforska. Flukten gir deg skitten jazz å danse til og mjuk, finstemt jazz å tenke til. Det er musikk som feirar livet med rom for det utrulige.

I februar 2021 gjekk dei fire i studio, med same opne haldning som første gong dei jamma. På Fluktens debutalbum høyrer du saksofonist Hanna Paulsbergs evige vokabular og mangefasetterte tone utfalde seg fullstendig kompromisslaust. Du høyrer gitarist Marius Klovning midt mellom John Scofield, skarp soul, western og norsk folkemusikk. Hans Hulbækmo sitt trommespel er nærliggande å samanlikne med pianosolistar i hans melodiske repertoar. Bassist Bárður Reinert Poulsen driv det heile med punchy, hardtswingande hand og gir oss kjenslevare soloparti.

Saman er Flukten ein eksplosjon av speleglede frå nokre av Noregs fremste musikarar.

Låtane på albumet spenner frå leikne melodiar til klangar med motstand. Nokre gongar er utgangspunktet for låtane eit opptak av nynning på ein mobiltelefon. Andre tider er det augeblikksbilder av improvisasjonar i det levande studioet. Nokre gongar dansar musikken, andre gongar er den som mjuke hender. Brått kastar dei seg ut i ekstase. Plata er den soniske ekvivalenten til å kaste seg frå ei varm badstu og ut i det kalde havet. Denne musikken vekkjer deg.

Dette er musikk som berre kunne blitt til av akkurat desse akkurat no.

Kanskje ligg du på golvet med eit bok i timesvis, kanskje drikk du deg full, kanskje spring du til skogs? Vi treng alle å flykte inn i mellom.

Powered by Labrador CMS