DP helg

Øyvind Rangøy er ute med ei diktsamlinga «Dødsbu».

– Dikta for meg er eit forsøk på å snakke sant om noko som også er fint eller meiningsfullt

Øyvind Rangøy er ute med si fyrste bok på norsk. Ei diktsamling om det som får ting til å hengje saman.

Publisert Sist oppdatert

Kva skriver du dikt om?

– Det som får ting til å hengje saman. Kanskje i større grad om alt enn om noko, men med noko som er der likevel, fordi det ikkje er plass til alt.

Er det noko fra ditt eige liv eller samtida du henter ideene til dikta frå?

– I stor grad.

– Eg trur dikta for meg er eit forsøk på å snakke sant om noko som også er fint eller meiningsfullt, og det er det fordi eg opplever det i mitt liv. Sjølvsagt skal det meir enn «autentisitet» til for å gjere det til velllykka dikt – men det at det er noko sant og intenst sjølvopplevd er nok ofte «drivstoff».

Kvifor dikt og ikkje roman?

– Fordi kvar roman eg prøver å skrive stort sett viser seg å vere eit dikt.

Kva vil du formidle gjennom dikta dine?

– Noko som som ikkje vil finne seg i indre varmedød. Som sprengjer seg ut og framleis elskar og trur og vil.

Er det eit av dikta dine du vil dele – og kvifor nettopp dette diktet?

– «Eg var åleine på øya.» Kanskje fordi det finst noko nake og forsvarslaust i dette diktet. Den som ser det, tør eg også å snakke om resten av boka med.

Blir dikta dine til på kort tid etter du får ein ide eller kan du jobba med eit dikt i fleire år?

– Sjølve skrivinga av eit dikt skjer vanlegvis på kort tid og under høgt trykk. Det er sjeldan mange revisjonar, då blir det heller noko nytt om same tema som kjem opp seinare.

– Kor lang tid det tek å skape diktet under overflata, veit eg vel lite om. Eg har jo ei kjensla av at "krutet" i dikta er resultat av ein lang, undermedviten prosess. Det eg derimot bruker mange år på, er å finne ut kva dikt som passar saman i ei samling.

De færreste diktsamlingar trykkast i store opplag. Ved å velge dikt som kunstform, vil det seie at du er meir opptatt av formidling enn av kor mange som kjøp diktsamlinga di?

– Det kan kanskje stemme. Det verkar litt framand å tenkje mykje på kor mange som kjøper diktsamlinga. Eg tenkjer meir på om boka vil få lesarar som verkeleg bryr seg.

Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig dikter – og kvifor?

– Eg trur det kan gjere godt å svare litt ulikt på dette spørsmålet kvar gong eg får det. I dag vil eg svare Simen Kjærsdalen, fordi han på eit sårbart tidspunkt såg at det fanst noko i meg som var verd å dyrke fram – og heilt kompromisslaust let meg forstå det.

Kan du nevne ein person du håper les diktsamlinga di – og kvifor?

– Eg vart litt overraska over kor vanskeleg det kjennest å svare på dette spørsmålet. Grunnen til det er at eg først og fremst håpar at den som les diktsamlinga skal ha lyst til det sjølv. Og så kjennest det som om det bør vere nokon som ikkje alt har vore med i prosessen. Kanskje eg kan nemne Mette Karlsvik. Men eg kan ikkje seie at eg forstår heilt kvifor.

Fins det ei bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Kanskje noko klassisk i dag: Lyrical ballads frå 1798 (Wordsworth og Coleridge), ikkje minst på grunn av Coleridge's «The Rime of the Ancient Mariner». Og gjerne også Johannes Gjerdåkers storslagne gjendikting i «Mjølk av Paradis». Det er fantastisk handverk. At vi ikkje skriv slik no lenger gjer det berre meir relevant å lese.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Øyvind Rangøy (42)

  • Yrke: Norsklektor og omsetjar
  • Utdanning: Master i nynorsk skriftkultur, bachelor i estisk språk
  • Bustad: Põltsamaa (Estland) og Averøy (Nordmøre)
  • Aktuell med: «Dødsbu»
  • Forlag: Aschehoug
  • Sidetal: 80
Powered by Labrador CMS