DP helg

Tønes covrer Frøkedal.

Tønes tolkar Frøkedal

Då Frøkedal & Familien gav ut albumet "Flora" i fjor kom det med tilhøyrande songbok, i håp om at det skulle fortsetje å spire og gro der ute i floraen.

Publisert Sist oppdatert

Det som byrja som ein spøk blei til 28 sider med tekstar, historier frå bandet, notar og låt-for-låt illustrasjon av den britiske kultartisten Robyn Hitchcock. Songboka er inspirert av andre som har covra bandet, på sekkepipe, trekkspel, eller berre kasta seg ut i dans på konsert. Frøkedal & Familien forklarte ideen slik:

«Me har komme fram til at det å insistere på å vere ein«artist» som publikum skal betrakte frå avstand, kjennes sekundært, til og med litt flautt. Musikk er ei samlande kraft, som gir oss alle tilgang på eit utvida spekter av kjensler, minner og visjonar. Med songboka legg me alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtane – eller til og med spele dei sjølv.»

No har det dukka opp ein ny, litt beskjeden blomst i Frøkedals flora. Tønes har sete med songboka på fanget og klimpra fram ein akustisk versjon av "Dark Woods", omskrive til norsk så klart. "Mørke Skoga" gjes ut 4. mars på plateselskapet Fysisk Format.

Tønes fortel:

– Eg stal Frøkedal sin song «Dark Woods» frå den nydelege plata «Flora». Den blei til «Mørke Skoga» og var den einaste Tønes-demoen eg spela inn heime i hagestova i 2021.

Engelsk er ikkje nødvendigvis gode vener med Hauadialekt, så det tok litt tid å få på plass orda slik at det kjentes rett. Eg fann noko fint og varmt i teksten. Samstundes er det litt skummelt og mystisk der inne i skogen. Slik det må vere.

Frøkedal seier:

– Eg måtte mase bittelitt, men det var det verdt. Tønes har eit blikk for dei litt løynde låtane. Då han valde å skrive Dark Woods om til Mørke Skoga, var eg glad for at songen blei løfta fram – og skråsikker på at det ville låte utruleg fint. Likevel klarte han å overraske med ein versjon som i form og harmonikk liknar, men som samstundes er ein heilt ny låt. Kan det vere noko umedvite hardt, ein kjøleg undertone – som har blitt transformert til noko nært, sårt og håpefullt? Denne lyttaren frydar seg i ein betre, grønare skog.

Se videoen, som er laget av Vibeke Heide her.

Powered by Labrador CMS