Annonse
Lars Mæhle feirer 20-årsjubileum med en novellesamling for barn. Foto: Tove Breistein

Lars Mæhle feirar 20 år som forfattar med ny novellesamling for barn

Lars Mæhle startar det nye året med Tusenfryd, ei novellesamling for unge. I Tusenfryd møter vi seks unge som bur i ein liten tettstad og som går i same klasse. Dei står på terskelen til ungdomstida, og baler med kvar sine problem. Dei får kome til orde i kvar si novelle, og saman blir dei åtte novellene fletta saman til ei historie om vennskap, mot og sjølvtillit. Mæhle skriv med stor medvit og omsorg om korleis det er å vere ung i dag.

Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøster si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønsker å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Han blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i teaterstykka til klassen. Bortsett frå dette året. Da alt blir snudd opp ned.

«Til slutt bestemte han seg. Han gjekk ut av låven med faste steg, peila seg inn på vegen som leidde bort frå huset og i retning nabogarden, der Kaja budde. Og mens han gjekk mot Kaja, låg orda klare på tunga allereie, og han visste at dette ville bli første gongen han trassa faren. Det gjorde han stolt, men også livredd».

Lars Mæhle (f.1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive for både barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen. I 2022 er det tjue år sidan Mæhle debuterte med ungdomsboka Keeperen til Tunisia, og sidan debuten har han skrive meir enn femti bøker for barn og unge. Han fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. For denne fekk han KUD-prisen for beste barne- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens kritikarpris.

Annonse
Annonse
Annonse