DP helg

Kristin Auestad Danielsen: «Du er bonde»

Kristin Auestad Danielsen er aktuell med romanen «Du er bonde», ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.

Publisert Sist oppdatert

­«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det». Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.

To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. No om dagen er ho aktuell som dramatikar på Rogaland teater med framsyninga Soga om oss, om oljå i Stavanger. Du er bonde er hennar andre roman.

Powered by Labrador CMS