DP helg

Atle Berge aktuell med roman om konkurransesamfunn og supportarkultur

Publisert Sist oppdatert

I Atle Berges nye roman Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande Brannsupportarar. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han.

Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.

Powered by Labrador CMS