Aina Basso får Samlagsprisen.
Oda Berby

Samlagsprisen til Aina Basso

Publisert: 27. april 2022 kl 13.05
Oppdatert: 27. april 2022 kl 13.08

Frå grunngjevinga til juryen:

«Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skrive historiske romaner frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia. Ho hentar fram perspektivet til dei som blir offer for hekseprosessar, omstreifarlivet til reisande, og presset som fabrikkarbeidarar levde under. Dei ho skildrar, opplever naud og eit krevjande liv, der ei uvisse pregar framtidsutsiktene. I dei historiske romanane går ho tett på liva deira, der verda brått kan snu seg mot dei ...

I forfattarskapen har Basso nærma seg samtida. I debutromanen «Ingen må vite» er året 1734. I Inn i elden er året 1620. I «Finne ly» er året 1849. I den hittil siste romanen, «Ungen», der spedbarnspass blir forsøkt som ein veg ut av det fattigslege livet som hardtarbeidande kvinne i storbyen på slutten av 1800-talet, er ho nesten over i 1900-talet. Vi håpar ikkje denne utviklinga til slutt vil ende i at Basso skriv samtidsromanar, men at ho vil halde fast ved det særpreget som juryen har vedsett ved romanane hennar. Heldigvis vitnar novella «Heim» frå novellantologien til Samlaget frå i fjor om at ho i staden går den andre vegen, endå lenger bakover, ved å utvide seksordsnovellene som finst på runepinner frå mellomalderen til fullverdige historier. Historia har mykje å by på, og Basso klarer å vise korleis fragment frå historia ber i seg dagsaktuelle forteljingar».

Aina Basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen «Ingen må vite». Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen «Fange 59». «Taterpige» (2010) og «Finne ly» (2014) fekk begge Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman.

Saken fortsetter under annonsen

Ledige stillinger – kulturjobb