Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er aktuell med romanen «Ei verd utan hestar».  Foto: Helge Hansen (Montag)

Roman om korleis vi prøver å forestille oss liva til dei som kom før oss

Publisert: 19. september 2022 kl 11.56
Oppdatert: 19. september 2022 kl 13.29

­

Øyvind Vågnes (50)

  • Yrke: Forfattar og professor ved Universitetet i Bergen
  • Utdannelse: Doktorgrad (2007)

  • Bosted: Bergen

  • Aktuell med boken: «Ei verd utan hestar»

  • Forlag: Tiden Norsk Forlag

Hva handler romanen om?

– Ei verd utan hestar handlar om korleis vi prøver å hugse og forestille oss liva til dei som kom før oss. Det er jo ikkje så lett! Går ein eit par generasjonar tilbake, veit ein ikkje stort. Romanen er fortalt av fire karakterar som kvar og ein er merkt av den tida dei lever i, og forteljinga strekkjer seg langt tilbake i tid, til 1860-talet, og også fram i tid, til 2030-åra, men er ikkje fortalt kronologisk. I første del følgjer vi ein far og ein son på reise, i andre del ei mor og ei dotter. Liva deira er prega av det som er usagt om ei framand fortid, til same tid som det er denne fortida som binder dei saman.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– Det har gått seks eller sju år sidan eg fann ut at dette var boka eg ville skrive, og først gjekk i gang. Då som no var den norske samtidslitteraturen i stor grad prega av forteljingar om vår eiga notid, og ei interesse for det som har blitt kalla "det verkelege" eller "det biografiske." Eg ville dikte fram stemmer frå ei anna tid, og sjå kva som skjedde når dei fekk stå side om side med stemmer frå vår eiga tid. Eg ville også fortelje noko om korleis eit enkelt menneskeliv vert merkt av det historiske, og motsett, korleis historien vert forma av kvart enkelt menneskeliv. Ei verd utan hestar tek lesaren med både til den amerikanske borgarkrigen, og til den tida vi kjenner som vår eiga, der vi er konfronterte med overveldande spørsmål om korleis vi skal forvalte verda vi er ein del av.

Saken fortsetter under annonsen

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Eg skriv ikkje med ein bakanforliggjande bodskap i tankane, men med håp om at lesarar vil interessere seg og engasjere seg i hovudkarakterane, og det dei balar med: kjærleiksproblem, tvil om kva som er det rette å gjere – dei eksistensielle problema vi alle før eller sidan står ovanfor i våre eigne liv, og difor likar å lese om. Karakterane i boka slit med ting dei ikkje har fortalt til sine næraste, og som dei knapt har klart å erkjenne for seg sjølv. Dei grev i ei fortid som ved nærare ettersyn viser seg å vere annleis enn det dei hadde trudd.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: hva drev deg til å fortsette?

– Ikkje skrivesperre, men andre forpliktingar som kom i vegen for skrivinga – familie, jobb. Det som driv meg er ei glede ved sjølve skrivinga, ved det å sitje mutters åleine ved tastaturet, og sjå ei heil verd bli til i teksten på skjermen, ord for ord, setning for setning.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Forfattarar som har sett spor i meg med det dei har skrive. Eg fyller femti i år, og er gammal nok til å synest det er inspirerande at fleire av forfattarane eg set høgt, så ulike som Tarjei Vesaas og Don DeLillo, har skrive sine beste bøker då dei var endå eldre enn meg!

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

Saken fortsetter under annonsen

– Mi skrivetid er tilkjempa, og har i dei siste åra føregått i fritid og i feriar. Det tek tid, eg skriv ikkje fort, og går gjennom teksten igjen og igjen, til eg nesten er blind for det eg har sett ord på. Det har forøvrig vorte ein del netter med skriving opp gjennom åra. Om natta er det stille, alt fell til ro og kviler. Det er ei god tid å lese på, og det er ei god tid å skrive på.

Nevn én person du håper leser boken – og hvorfor?

– Ein eg får auge på på bussen eller på banen, med boka i hendene. Eg likar tanken på at det eg skriv når fram til nokon eg ikkje kjenner eller veit kven er, at det får ein plass i livet til eit menneske eg ikkje veit noko om.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese – og hvorfor?

– Eg les forfattarskapet til amerikanske Willy Vlautin for tida, og det er skarpt og godt heile vegen, men romanen «Lean on Pete» slo meg heilt ut. Vlautin er ein eksepsjonelt god forteljar, som utan sentimentalitet og fiksfakseri hjelper oss å få auge på det gode i mennesket. Det kan vi saktens trenge frå tid til anna.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– «Northline» av Willy Vlautin! Og på bordet framfor meg her ligg også Per Schreiners ferske bok, han er ein stilist det er ein fryd å lese, eg ser fram til «Houellebecqs hytte/En lang rekke ulykker».

Annonse

Hva skulle du ønske du hadde mer tid til?

– Å lese. Eg les mykje, men kunne ha tenkt meg å lese endå meir. Det finst så mykje bra der ute.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk  – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Kåss til kvelds – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen  – På fjellet

 

Ledige stillinger – kulturjobb