Bok

Maria Horvei debuterar med roman om nasjonalkjensle og identitet

«Gratulerer med dagen» er ei forteljing om nasjonalkjensle og mangel på slikt noko, og om ynsket om å høyre til – ein eller annan stad.

Publisert Sist oppdatert

­Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 186 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppildna ei menneskemengd beståande av kring 5000 tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta sto framleis, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår.

Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmelen i ferd med å bli blå som ein undulat. Ut av husa stig folk, og alle skal dei feire. Éin er komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen, ei har stålsett seg for pliktene som følgjer med vervet som leiar for 17. mai-komiteen. Ei skal snart reise langt vekk, ein annan forsøker å finne att ein plass han aldri eigentleg har høyrt til.

Lansering: 30. september.

Powered by Labrador CMS