Foto

Foto: Samlaget.

Karl Seglem ute med ny diktamling; «Djup redsle. Djup ro»

Publisert: 22. september 2022 kl 11.10
Oppdatert: 22. september 2022 kl 11.10

­Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei vill og veldig elv som tek opp i seg personlege og globale drama som saman utgjer den verdsomspennande miljøkatastrofen me alle står i.

«Djup redsle. Djup ro» er ei diktsamling som bølgjar frå rein dystopi til von og kjærleik – og tru på mennesket.

Karl Seglem (f. 1961) frå Årdalstangen er internasjonalt kjend som innovativ komponist og musikar med eit særeige uttrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika. Poesien har ein sentral plass i musikken hans, slik musikken også har ein sentral plass i poesien. Seglem debuterte litterært i 2006 med diktsamlingi «Stilla er ein åker». «Djup redsle. Djup ro» er den femte diktsamlingi hans.