Foto

Merete Moen er aktuell med novellen «Stor gut». Foto: Publizm

Merete Moen:

– Jeg vil vise hvor fort ting kan snu, og hvor sårbare vi kan være

Publisert: 23. juni 2022 kl 07.00
Oppdatert: 23. juni 2022 kl 07.00

Hva handler novellen om?

– Martin vaknar før resten av familien. Han høyrer lydar utanfor vindauget, kva er det som står på? Ein mink har teke ein måsunge, måsemora skrik etter hjelp. Martin følgjer etter, han er stor gut no og klarar mykje sjølv. Når mor kjem for å vekke Martin er senga tom, ute i horisonten kjem havskodda sigande. Kvar har skjedd med Martin?

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen om å skrive den?

– Mange barn går bort frå foreldra, dei får eit innfall, eller dei ser noko. Dei har ikkje kjensla av å vere borte. Eg ville utforske rommet mellom det å vere på ei spennande oppdagingsferd til det punktet barnet sjølv, og andre, innser at det er «borte».

Hva vil du formidle med novellene dine?

– Det er ikkje alt me menneske gjer som er så fornuftig, nokon gonger gjer me ting me ikkje heilt kan forklare sjølv heller. Det kan føre oss inn i ulike situasjonar. Livet byr og på hendingar me ikkje har kontroll over.

– Eg vil vise kor fort ting kan snu, og kor sårbare me kan vere.

Blir novellene dine til på kort tid etter at du får en idé, eller kan du snekre på en novelle i flere år?

– Det varierar, som regel brukar eg nokre dagar på råmaterialet. Etterpå flikkar og redigerer eg til novella blir slik eg vil ha ho.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg er nokså ustrukturert i skrivinga. Som nokså fersk i faget prøver eg meg fram, det hender rett ofte at historiene tek ei anna vending enn det eg først tenkte.

– Med bakgrunn frå fag der det ofte er ein fasit er eg framleis litt for bunden i å slå opp det eg er usikker på undervegs. Dette gjer at skrivinga kan stoppe opp litt i faktasjekk, dette bør eg nok legge av meg snart.

Hvorfor novelle og ikke roman?

– Akkurat denne historia ville eg skulle ende før det vart ein roman. Eg ville gje leseren fullmakt til å dikte fram slutten, korleis det skulle gå med Martin. Heime på skriveloftet har eg også råmaterialet til ein roman, men der er det mykje arbeid som står att.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Vanskeleg spørsmål. Eg har lest bøker av mange gode forfattarar, og eg veit ikkje om eg kan trekke fram ein spesielt. Men evnen til å skape historier ein kan leve seg inn i, med karakterar ein trur på, er noko eg strekker meg etter. Målet må vere å skrive så godt at lesaren kvir seg til at historia er slutt.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Konturene av meg sjølv som skrivar, og ikkje berre lesar, vaks fram då eg var heime i min første svangerskapspermisjon for 22 år sidan. Då skreiv eg ganske mykje. Men så tok livet meg, og skrivinga kom i bakgrunnen. Men den vart aldri gløymt. No er eg i gong att, og eg håpar fleire av tekstene mine treff lesarar etter kvart.

Nevn én person du håper leser boken?

– Eg håpar flest mogleg les novella eg, ubeskjedent nok. Kvifor? Jau, fordi ein tekst lever berre gjennom lesarane.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Lars Mytting sine bøker om Hekne-søstrene er stor forteljarkunst.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– No les eg «Hvis alt er av papir» av Sunniva M Roligheten.

 

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Cappuccino – Filterkaffe

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

The Rolling Stones – The Beatles

Sykkel – Sparkesykkel

Taylor Swift – Lady Gaga

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Lese bok – Høre bok

Ved sjøen – På fjellet