Foto

Foto: Samlaget.

Debutant Hege Blom aktuell med romanen «Eg reiser aleine»

Publisert: 27. september 2022 kl 14.10
Oppdatert: 27. september 2022 kl 14.10

­Mari blir invitert til Hawaii, der ungdomskjærasten Leo og vennen Todd busette seg i 1970-åra, og ho bestemmer seg for å ta reisa som ikkje blei noko av 42 år tidlegare. Ho har alltid hatt interessa for Hawaii med seg, for den særprega naturen og kulturen, surfing og hula.

Det heile skulle vere ein draum, men no er ho her. Møtet med Leo nærmar seg, og det oppstår kjensler ho ikkje er heilt budd på. Minna er framleis sterke og levande, men korleis er det å møtast att etter alle desse åra? 

Hege Blom (f. 1956) arbeider som lærar i norsk og historie ved Bjerke videregående skole. «Eg reiser aleine» er hennar første bok.