Bok

– Begge krimbøkene mine handlar om barn, eg prøver nok å formidle noko om kor sårbare og dyrebare barn er, og om det me menneske fryktar mest, seier forfattar Ruth Lillegraven.

Vil seie noko om samfunnet me lever i og det forunderlege menneskesinnet

Forfattar Ruth Lillegraven brukte erfaringen si som taleskrivar i Justis- og beredskapsdepartementet da ho skildra det politiske i krimromanen «Av mitt blod».

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– «Av mitt blod» er oppfølgaren til «Alt er mitt» (2018).

– Hovudpersonen er Clara, boka startar i det ho blir utnemnd til ny justisminister. Det kjem stadig truslar mot henne, men ho nektar ekstra vakthald. Ein dag kjem ho heim og oppdagar at sønene er sporlaust forsvunne.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skriv romanen?

– Vel, eg har jobba åtte år som taleskrivar i departement, det har eg brukt når eg skildrar det politiske. At eg sjølv er oppvaksen på gard i ei bygd, brukar eg i Vestlandsdelene. Og ting eg les om eller høyrer om blir jo stadig bearbeida og putta inn i alt eg skriv. Så ja: heile tida.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Eg veit ikkje om eg har ein bodskap eller ein moral. Men eg prøver å skrive spennande og underhaldande – og samtidig seie noko om samfunnet me lever i og det forunderlege menneskesinnet.

– Begge krimbøkene mine handlar om barn, eg prøver nok å formidle noko om kor sårbare og dyrebare barn er, og om det me menneske fryktar mest.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Ja, det stoppa litt opp innimellom. På eit eller anna tidspunkt må ein berre tvinge seg til å prøve, så går det nesten alltid over.

– På ettersommaren i fjor ringte redaktør Aslak meg gong på gong til eg tok telefonen, då hadde han skjønt at eg hadde mista tråden litt. Så fekk eg litt hjelp til å kome i gang att.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Hehe, eit stadig kaos? Nei, det er vel ei blanding av planmessigheit og impuls/intuisjon. Eg drøymer stadig om strukturerte arbeidsdagar, men det blir gjerne til at eg skriv seint og tidleg, men stadig avbrote av diverse praktiske ting. Og så jobbar eg gjennom ting igjen og igjen og igjen, og alt endrar seg stadig - heilt til boka går i trykken, omtrent.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Det er alle forfattarkollegaene mine. Og dei ulike fine, flinke redaktørane eg jobbar med. Når det gjeld krimskriving, har eg lært mykje av kompis, forfattarkollega og redaktør Aslak Nore, som er ein råtass på dramaturgi.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Ein person som trur at hen hatar all krim og kanskje blir positivt overraska. Eller ein som trur hen ikkje les bøker på nynorsk (denne er både på nynorsk og bokmål) og som blir positivt overraska.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Det er SÅ mange. Men alle som ikkje har lese ein Jon Fosse-roman og som tenkjer det er frykteleg vanskeleg, anbefaler eg å prøve. Eg blir alltid roligare av å lese bøkene hans, rett og slett. Dei har så fin og beroligande rytme i seg.

– Av krimbøker kan eg til dømes nemne danske Ane Riels Harpiks.

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– Akkurat no les eg inga bok, det har blitt altfor lita lesing under bokinnspurten. Men i dag har eg lånt Heidi Lindes siste roman. Eg har lyst å lese Sandra Kolstads debutbok, og eg skal lese ferdig ei bok av Julian Barnes eg byrja på i haust og likte veldig godt, men som blei liggande då. Og apropos Jon Fosse, så har eg veldig lyst å lese band to i Septologien.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Stort sett det meste. Eg drøymer om fleire timar i skogen, om å rekke å rydde det kaotiske huset vårt, om å lese fleire bøker - generelt sett alt som kan gi litt meir sjelefred eigentleg.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Ruth Lillegraven (42)

  • Yrke: Forfattar
  • Utdanning: Informasjon / samfunnskontakt (NMH)
  • Bustad: Lommedalen, Bærum
  • Aktuell med: «Av mitt blod»
  • Forlag: Kagge Forlag
  • Sidetal: 330
Powered by Labrador CMS