Bok

Ane Barmen er ute med sin andre roman.

– Vi som ikkje klarar å lage barn utan hjelp må også finnast i litteraturen

Forfattar Ane Barmen fant inspirasjon i eigne erfaringar med å vere barnlaus da ho skreiv romanen «Pappa var nesten på Woodstock».

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– Romanen handlar om Ruby og Theis, som har eit komplisert far-dotter-forhold.

– Theis kontaktar Ruby igjen etter fleire års stille då han må avlive hunden sin. Ruby har eit ambivalent forhold til faren, som er periodedrankar, og ho prøver dessutan fortvila å få barn med sambuaren, utan hell. Det er ei forteljing om kompliserte barn-og-foreldre-forhold, om skam og tilgjeving.

Er det noko i ditt eige liv eller i samtida som ga deg idéen om å skrive romanen?

– Eg har sjølv vore ufrivillig barnlaus, og kjende meg forferdeleg einsam i prosessen. Eg leitte veldig etter litteratur om temaet, men fann berre tørre fagbøker. Eg sakna dei personlege historiene, eller aller helst skjønnlitteratur. Det fann eg ikkje. Og undervegs, medan vi var om bord i prøverørskarusellen, tenkte eg: dette temaet skal eg skrive om ein dag.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Vi som ikkje klarar å lage barn utan hjelp må også finnast i litteraturen. Eg finn sjølv enormt mykje trøyst i bøker, og håpet mitt er at nokon andre som går gjennom det kan finne boka mi og kjenne seg litt mindre åleine. Og eg håpar at pårørande og vener rundt folk som slit med dette kan lære eitt og anna om kva vi går gjennom og kor frykteleg vanskeleg det er.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Skrivesperre finst ikkje. Berre skrivevegring. Og det har eg heldigvis ikkje hatt denne gongen!

– Eg skreiv fyrsteutkastet på rundt tre-fire månader i fjor sommar. Det var kjapt, tykkjer eg. Det var vanskeleg å starte, men etter eg fann ut av ein klår plan for kva eg ville fortelje og korleis eg skulle gjere det, gjekk det fort. Særleg då eg bestemte meg for å opne opp historia til å handle om meir enn barnløyse, men også om eit far-dotter-forhold, og eg fann røysta til Theis. Det hjelpte veldig.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg har berre skrive to bøker, så eg veit ikkje om eg har utvikla noko spesiell skrivemåte? Men skilnaden på å skrive denne boka og den førre, «Draumar betyr ingenting», er at eg i denne prosessen visste at eg ville skrive ryddigare og med ein større overordna plan frå starten av, for å sleppe alt ryddearbeidet seinare.

– Førre gongen skreiv eg mest på gefühl, og det blei eit helsikes rot i redigeringa. Så denne gongen la eg ein tydeleg plan for handling og karakterutvikling og så vidare, og så var det "berre" å skrive det ned. Då visste eg kor alle skulle hen og kva dei skulle oppleve og korleis dei skulle utvikle seg. Det fungerte godt.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Åh, så mange. Eg skal nemne nokre få: Ingvild Rishøi, som skriv personar eg går og tenker på og bekymrar meg for i fleire år etterpå. Olaug Nilsen, som skriv rått og modig. Roy Jacobsen, som har eit fantastisk språk og er så god på show, don´t tell. Og sjølvsagt Knut Hamsun, som er den einaste forfattaren som kan skrive om ein mann som berre pløyer marka, og få meg til å grine.

Når skjønte du at du ville bli forfattar?

– Ein gong i åtteårsalderen. Då byrja eg på min fyrste roman, som aldri blei fullført. Men skrivelysta har vore der alltid, på grunn av alle bøkene eg las som barn.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Viss eg når fram til nokon som balar med ufrivillig barnløyse og som kanskje kan kjenne seg litt mindre einsam på grunn av det eg har skrive, då blir eg veldig glad.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Alle må lese Ingvild Rishøi si novellesamling «Vinternoveller». Det er dei folka her eg framleis går og tenker på. Rishøi skriv briljant og sårt og smart, og ho får meg til å kjenne ting. Det er vel det viktigaste ei bok kan gjere for deg?

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– «Ut og stjæle hester» av Per Petterson. Det er flaut at eg ikkje har lese ho enno, men eg er glad eg endeleg tok tak. Han skriv fint og ujålete. Og eg likar så godt bokmålet hans.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Eg er småbarnsmor og har dessutan nyleg fått ein hundekvalp som er veldig a-menneske (eller a-hund), så eg skulle veldig gjerne hatt tid til meir søvn.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Ane Barmen (36)

  • Yrke: Skodespelar og forfattar
  • Utdanning: Utdanning i utval: skodespelar ved NSKI, og musikkvitar ved Universitetet i Oslo
  • Bustad: Oslo
  • Aktuell med: «Pappa var nesten på Woodstock»
  • Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
  • Sidetal: 288
Powered by Labrador CMS