Bok

Mette Karslvik har snakka med Thorvald Steen og skreve bok om det.

– Thorvald Steen er ein unik, viktig og nærmast guru-aktig aktør i norsk litteratur

Mette Karlsvik snakka med Thorvald Steen om alt frå psykiatri, skamp og deira felles historie mens han ferdigstilte romanen «Det siste badehuset». Dét har blitt til ei samtalebok.

Publisert Sist oppdatert

Kvifor har du skreve denne boka?

– Thorvald Steen er ein unik, viktig og nærmast guru-aktig aktør i norsk litteratur, i norsk fagrørsle- og litteraturpolitikk, i kunnskapsformidling og no sist for synleggjering av visse «usynlege grupper» - folk med funksjonsvariasjonar.

– Eg har sjølv brukt livet mitt på litteratur og litteraturpolitikk, og ser stadig etter nye måtar å lære meir om feltet. Frå første gong eg møtte Steen, i 2010, har han så å seie vore ein slags meister og eg ein «sveinn», der eg lærte og han kåserte. Eg tenkte at ei samtalebok ville vere ein moglegheit til å utvekle den dynamikken: å dyrke det beste av den, og å utfordre andre sider av den.

– Sjansen baud seg da Thorvald lot meg, og andre medlemmar av ei lita skrivegruppe, lese eit utkast til romanen som skulle bli «Det siste badehuset». Den same kvelden som vi diskuterte boka spurde eg om ikkje vi skulle lage ei samtalebok medan han ferdigstilte «Det siste badehuset». Men Thorvald skreiv jo snart ein oppfølgar også, så vi fortsette samtalene gjennom skrivinga av det som skulle bli «Det siste fotografiet».

– Thorvald Steen og eg diskuterer livet hans, skrivinga, og ei handfull tematikkar som er relevante for dei to romanene.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Den som les boka vil få mykje å tenkje på rundt tema som psykiatri, skam, vår felles historie og meir.

– Eg synest det var særleg interessant å samtale med Thorvald om skam. Den private - men også den som kan sitje i ei slags nasjonal sjel. Også i Noreg. Og korleis desse heng saman. Noko av det som er spennande med samtalene med Thorvald er at han svært snart trekk lange, historiske liner på tema. Det gjer han også i denne boka.

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– Thorvald er for mange kjent som han som formidla at Sigurd Jordsalfar ikkje var ein heilag pilegrim men ein korsfarar. Dette skildra Thorvald i den historiske romanen Konstantinopel, og er ikkje eit nytt synspunkt eller ny teori. Men Thorvald kontekstualiserer, i samtale, bakgrunnen for den tesa. Han går heilt tilbake til ei viss lærebok i psykiatri som diagnoserte Sigurd som bipolar, og forklarar korleis dette eine førde til det andre som førde til Thorvalds reise i Sigurds fotspor.

– Andre kjenner Thorvald som ein mann som ikkje fryktar å komme med kontroversielel fråsegn. Det gjer han også i denne samtaleboka, om alt frå Marte Michelets «Hva visste hjemmefronten», via Sigrid Undsets kamp for jødane i Noreg, til forteljingar frå behind the scenes da Juklerød blei forsøkt kasta ut av Gaustad.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Samtalebok-forma kan sjå enkel ut. Men eg har opplevd det som komplekst, både i metode og når det gjeld det å forme boka. Det er først og framst fordi ein sit med eit enormt ansvar når ein skriv "om" ein annan. Sjølv om dette ikkje blir eit portrett av Thorvald Steen så blir det jo likevel eit slags portrett.

– Eg trur ikkje at eg sjølv hadde turd å la nokon tråkke meg så nært, i form av ei bok. Det at Thorvald stilte opp, og det at han blei med vidare i dei mest turbulente periodane av skrivinga, det har eg enorm respekt for.

– Også redaktøren har vore førebilledleg i sin måte å takle mange kokkar og litt søl. Mona Ringvej har vore ein helt! For her skulle mykje vere rett for mange - for han som blei intervjua og for meg som skreiv boka. Dette blir ny rekord i timesbruk per bokside.

Kva vil du oppnå med boka?

– Det er ikkje viktig for meg at flest mogleg leser den. Det er viktigare at den kjem til dei rette lesarane.

– Dei rette lesarane vil få ei god lesaroppleving og forhåpentlegvis finne fråsegn frå Thorvald Steen som dei aldri har høyrt eller sett før.

– Dei rette lesarane vil vere mottakeleg for kunnskapen og tankane som blir delt gjennom boka. Hjernane skil ut endorfinar når dei tileigner seg ny kunnskap, og denne tileigninga skjer ikkje utan at ein er open for å lære.

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– Lykkekjensla som eg skildrar over, kanskje. Eller berre eit bilde av verda som ein enda litt meir samansatt og spennande stad.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Den islandske presidenten og historikaren Guðni. Eg trur han ville blitt enda litt meir interessert i norsk-islandsk kultursamarbeid etterpå.

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– I over eit halvt hundreår har Noregs litteraturpolitikk medførd ein mangfaldig litteratur, med svært mange røyster, av tematikkar, av historier og måtar å fortelje dei på. Og heile poenget med dette mangfaldet er at lesarane er så ulike. Det er difor litteraturen er ein så fundamental del av det norske demokratiet. Eg synest nok difor at det er vanskeleg å tilrå ei bok til ein person ein ikkje veit noko om.

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Dét kan eg svare på! Her vil eg dra fram den første forfattaren som eg las alt av, nemleg Tove Jansson.

– Det byrja da eg var i biletbokalderen, med biletbøkene. Ho råka meg i ein formativ alder, lærte meg noko om menneska, og gav meg sjølvtillit og tru på at det er greitt å vere seg sjølv. Det er også henne, gjennom sjølvbiografien så vel som den kunstnariske praksisen, som gjorde at eg på vidaregåande satsa på litteratur og kunst.

Kvar hentar du informasjonen om nye bøker frå?

– Det synest eg har blitt vanskelegare og vanskelegare, i og med at det kjem stadig fleire bøker frå stadig fleire forlag. Kanskje tek eg feil, men eg har også eit inntrykk av at det er lenger mellom litteraturjournalistane sine oversiktssaker av typen "vårens bøker". Men eg får bokhandlarforeninga sitt magasin Bok og Samfunn i posten kvar månad, og der er nokre sider satt av til nettopp lister og oppsummeringer.

– Eg har mine favorittar når det gjeld dagspressa, men skal ikkje nemne dei. Det er vanskeleg nok som det er å bli ein av dei heldige som redaksjonen vel ut til kritikk-sidene sine.

– Men kan eg også svare på kor eg oppdaterer meg på litteraturpolitiske saker? Det er eg like interessert i - og da vil eg dra fram forfatteren Tom Egeland som gjer ein god - og ofte anonym - jobb med å oppdatere Forfatterforeningen.no med små og store notiser om bransjen. Eg kjenner meg heime på den sida, da eg sjølv jobba der i ti år, og trur at eg får god oversikt over litteraturpolitikken med å følgje den.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Svulstig men sant: Kor heldig eg er som blei fødd i Noreg.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Mette Karslvik (42)

  • Yrke: Forfattar og rådgjevar
  • Utdanning: Biletkunst (Glasgow School of art), journalistikk (Universitetet i Bergen), Skrivekunstakademiet i Hordaland og Norsk Barnebokinstitutt
  • Bustad: Oslo
  • Aktuell med: «Same tid neste veke. Samtaler med Thorvald Steen»
  • Forlag: Paz Forlag
  • Sidetal: 250
Powered by Labrador CMS