Bok

Forfatter Tormod Haugland er ute med ny roman.

– Livet er ikkje føreseieleg

– Eg er oppteken av den irrasjonelle krafta i mennesket, som til dømes viser seg i korleis ein som urøynd mann på kjærleikens veg ikkje veit korleis ein skal oppføre seg, skriv forfattar Tormod Haugland i sin roman.

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– Romanen handlar om ein ung mann som veks opp på ein gard, til eit liv som bonde.

– Frå vidaregåande følgjer vi han i skulegang og arbeid, der han i overgangen til eit liv som vaksen opplever motsetnader knytt til seksualitet, tilhøvet mellom sansing og teoretisk kunnskap og møtet mellom draum og realitet.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skriv romanen?

– Ja, romanen handlar om korleis vi som menneske vert lært opp til å stole på teoriar som bryt med måten vi sansar verda på. Til dømes kan vi sjå at havet er flatt, og når vi byggjer eit hus nyttar vi ein vater til å få det vassrett, medan vi samstundes lærer at jorda er rund.

– Eg er oppteken av den irrasjonelle krafta i mennesket, som til dømes viser seg i korleis ein som urøynd mann på kjærleikens veg ikkje veit korleis ein skal oppføre seg. I alt dette hentar eg inspirasjon og næring frå eigne røynsler.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– At livet ikkje er føreseieleg. Det handlar om ein ung mann med gode intensjonar, men som gjennomskodar at livet hans er fullt av sjølvmotseiingar, som han prøver å lære seg å leve med.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Denne romanen er resultatet av ein lang prosess som tok til med ti noveller og essays som kvar for seg er publiserte i små hefte med opplag på tretti eksemplar. Redaktøren min meinte å sjå at det låg gøymt ein roman i desse tekstane, og det var for meg ei spennande utfordring å skrive fram den romanen.

– Det er særleg tre hovudtema romanen tek opp:

1) Tekstile handverkskulturar versus industriell tekstilindustri.
2) Seksualitet. Tilhøvet mellom kjærleik og lyst.
3) Korleis leve rett? Tilhøvet mellom ideal og praksis.

– Utfordringa låg i å binde saman dei ulike elementa, la trådane vikle seg i einannan til eit teppe av litteratur, og det som held meg gåande var trua på dei skriftstykka som alt låg der, at det fanst ei kraft der som var stor nok.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg har ei tilnærming til skriving som er svært lystprega og i mindre grad knytt til tematikk og faktisk kunnskap.

– Når eg set meg ned for å skrive prøver eg å ha ei meir naiv tilnærming, eg vil helst skrive utan å vite, og det fine med skrivinga er for meg å sjå korleis stoffet ordnar seg etter kvar som eg held på, og ser linjene i det.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Det er mange forfattarar som til ulike tider har betydd mykje. I denne romanen ligg poetar som Aslaug Låstad Lygre og Olav Nygard under.

– Essayisten Michel de Montaigne har lært meg mykje om viktigheita av å tillate seg å ha fleire syn på same sak. Virginia Woolf er eit døme på det same. Jon Fosse sin prosa viser oss kompleksiteten i einskildmenneska sine indre liv, for å nemne nokre få.

Når skjønte du at du ville bli forfattar?

– Eg skjøna at eg ville verte forfattar då eg som trettiåring kom inn på Skrivekunstakademiet. Eg hadde prøvd meg både i musikken og biletkunstens verd, som eg er inne på i den nye romanen, men då eg kom til litteraturen losna det, då forstod eg at eg banka på rett dør.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg vil at sonen min, Ulrik, vil lese boka, fordi eg er glad i han og han kan såleis stå som representant for ein ny generasjon eg håpar finn bøkene mine relevante.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– «Til fyret» av Virginia Woolf, gjerne den nye utgåva i forlaget Skald sin nynorske klassikar-serie, omsett av Brit Bildøen. Romanen er eit godt døme på korleis litteraturen kan vise oss menneska med sine draumar og voner og korleis desse vert konfronterte i det kollektive, ho viser oss livets konfliktar i det små og i det store.

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– «Flog» av Dordi Strøm.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Eg er svært nøgd med livet nett slik det er no.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Tormod Haugland (59)

  • Yrke: Forfatter
  • Utdanning: Agronom, Master i grafisk kunst, Skrivekunstakademiet
  • Bustad: Bøvågen, Alver kommune
  • Aktuell med: «Om livet på jorda»
  • Forlag: Oktober
  • Sidetal: 288
Powered by Labrador CMS