Annonse
ILLUSTRASJONSBILDE. Foto: Heiko Junge / NTB
Derfor bok
«Der litteratur blir til»

– Litteraturhistoria kan også vera nær og konkret og er nærmare enn me trur

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

Kvifor har du skreve denne boka? 

– For å behandle litteraturhistoria ut frå eit perspektiv som er heller uvanleg. Staden og det konkrete erstattar rigide periodenemningar som kan vera upresise. Men eg har også prøvd å gjera litteraturhistoria meir historisk, ved å knyte ulike forfattarskap til den meir allmenne historiske utviklinga.  

Kva er de viktigaste poenga i boka? 

– Landskap og romlege kategoriar betyr mykje for korleis eit litterært verk blir til - om det er forhold i verket eller utanom den litterære teksten. Eg har, som nemnt, også prøvd å historisere forfattarskapa tydelegare. Men det er også viktig å understreke at  min ambisjonen ikkje har vore å skrive ei samanhengande litteraturhistorie.

– Ein kan heller lesa testen som kortare eller lengre fragment, der heilskapen kan forsvinne til ein viss grad. I lys av dette – ein kan også lesa teksten som ein type norgeshistorie der dei skjønnlitterære tekstane er uttrykk for ein historisk situasjon. 

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast? 

– Staden som kategori i litteraturhistoriografien er forholdsvis ny. 

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet? 

– Utfordringa var å kople saman det kronologiske og det som har å gjera med stad. Men det har også vore utfordrande å forme teksten som ein heilskap. Det utvalet eg gjer av tekstar og forfattarar har også skapt ein del hovudbry.  

Kva vil du oppnå med boka? 

– At særskilt lærarstudentar – framtidige norsklærarar - les boka, og at dei er med å sikre den historiske dimensjonen i faget 

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka? 

– At litteraturhistoria også kan vera nær og konkret og er nærmare enn me trur. 

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor? 

– Masterstudenten i grunnskulelærarutdanninga, for han/ho skal formidle litteratur til sine elevar. 

Sveinung Nordstoga. Foto: Privat

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor? 

– Bjørn Tysdals biografi om James Joyce. Ein eksemplarisk biografi. Og James Joyce skriv om sin stad – Dublin – i Ulysses 

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor? 

– Bergljot Hobæk Haffs episke kraft, Tarjei Vesaas' modernisme, Kjartan Fløgstads essayistiske prosa og ikkje minst originaliteten og humoren til Thure Erik Lund. 

Kvar hentar du informasjonen om nye bøker frå? 

– Dag og Tid, Bok 365, NRK og Klassekampen. 

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien? 

– Pandemien har vist at me har store sosiale forskjellar her i landet. 

Om du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Sveinung Nordstoga (66)

  • Yrke: Dosent
  • Utdanning: Lektor i nordisk og ph.d. i norsk litteratur
  • Bustad: Kongsberg
  • Aktuell med: «Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814»
  • Forlag: Vidarforlaget
  • Sidetal: 553
Annonse
Annonse

Sveinung Nordstoga (66)

  • Yrke: Dosent
  • Utdanning: Lektor i nordisk og ph.d. i norsk litteratur
  • Bustad: Kongsberg
  • Aktuell med: «Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814»
  • Forlag: Vidarforlaget
  • Sidetal: 553
Annonse