Bok

Forfattar Oda Malmin har skreve ein roman om tre personar i ei byblokk som alle slit med sitt.

Kva veit vi eigentleg om kva naboane våre slit med?

Forfattar Oda Malmin håper romanen «Skinliv» kan vera ei påminning om kor mykje rart og vanskeleg som kan gå føre seg på innsida av folk, og vera ein påminning på at me sjeldan kjenner heile historia.

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– Skinliv handlar om tre menneske som bur i same bygard i Oslo.

– Dei lever ulike liv, men har problem på kvar sin kant: Astrid slit med panikkangst og sjalusi, Cecilie manglar tru på at ho er god nok på jobben, og slåst med eksmannen om omsorga for sonen Edvard. Bjørn blei utsett for ei alvorleg skulding for mange år sidan, og har levt i skuggen av den hendinga i ti år. Så begynner dei tre å nærma seg kvarandre.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg idéen om å skrive romanen?

– Eg trur fleire vil kjenna seg igjen i problema til dei tre hovudpersonane. Me lever stadig meir eksponerte liv, blant anna gjennom sosiale medium. Me ser på, vurderer og dømmer kvarandre. Nokon slit med eiga sjølvkjensle, andre med psykiske problem som angst, og oppi alt dette skal me vera velfungerande vesen ute i samfunnet.

– Det fascinerer meg at ein kan leva så einsame liv som desse tre gjer, sjølv når ein lever tett på kvarandre i ein bygard i ein storby, og eg ville utforska korleis dei blikka me har på oss sjølv og andre er med og påverkar desse liva.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Eg håper romanen kan vera ei påminning om kor mykje rart og vanskeleg som kan gå føre seg på innsida av folk, og at me sjeldan kjenner heile historia. At det me ser og oppfattar, som regel ikkje er heile sanninga.

– Det er menneskeleg å fortløpande vurdera og dømma andre, men me har òg evna til å tenka oss om, revurdera og innrømma at det ikkje er alt me veit. Den evna burde me kanskje bruka litt oftare.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Eg hadde aldri skrivesperre i den forstand at eg ikkje fekk skrive eit ord, men eg har veldig ofte vore rådvill og famlande, og eg har måtta skriva enormt mykje dårleg for å klara å pressa ut noko bra. Så det har definitivt vore tungt. Men eg syntest desse karakterane fortente å bli lesne, så eg hadde ikkje anna val enn å halda fram.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg må skriva veldig mykje dårleg for å få fram noko bra. Eg har inntrykk av at nokon forfattarar tenker mykje, og når dei fyrst skriv, blir det som kjem på papiret, så å seia eit ferdig manus. Eg tenker kanskje meir mens eg skriv, og dermed blir det mange blindspor og lause trådar som må ryddast i.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Særleg då eg skreiv debutboka mi «Steinauge», men òg denne gongen, har eg høyrt det eg har komme over av podkastar og intervju med forfattarar om skriving, og eg har lese mykje om skriving. Det har vore viktig for å halda fast i overtydinga om at «dette kan du få til, dette er noko folk gjer».

– Fram til i fjor jobba eg på Samlaget, og det var òg inspirerande å sjå skriveprosessane til mange av dei flinke forfattarane der på nært hald.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg håper ei ung jente eller ein ung gut som akkurat har blitt vaksen, og som synest livet nett no er ganske vanskeleg, kan lesa boka og få ei påminning om hen ikkje er aleine. Særleg i desse tider er eg redd det er mange som sit einsame og isolerte med vanskelege tankar.

– «Skinliv» er ikkje akkurat ei solskinshistorie, men eg har iallfall sjølv alltid likt å lesa bøker der eg kjenner meg igjen. Kanskje kan «Skinliv» vera den boka for nokon.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Boka «Blond» av Joyce Carol Oates, der ho har tatt utgangspunkt i livet til Marilyn Monroe og dikta fram ein rørande skjebne. Boka viser veldig godt at ei historie har fleire sider, og er ei god påminning om å ikkje kjøpa den fyrste og beste, eventuelt mest sensasjonelle, forklaringa. Apropos dette med andre blikk.

Kva for bok les du sjølv akkurat no?

– Eg blei nett ferdig med «Penger på lomma» av Asta Olivia Nordenhof, som var utruleg god, og så er eg snart ferdig med «Valskyldskapane» av Goethe, frå klassikarserien til Skald. Eg har i tillegg fem-seks andre bøker eg er midt i, eg klarer sjeldan å halda meg til éi om gongen.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Å lesa!

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Oda Malmin (34)

  • Yrke: Rådgivar i Ap
  • Utdanning: Bachelor i Midtausten-studiar frå London og master i nordisk språk frå UiO
  • Bustad: Oslo
  • Aktuell med: «Skinliv»
  • Forlag: Aschehough
  • Sidetal: 269
Powered by Labrador CMS