Eirik Ingebrigtsen har skreve ei personleg tekst med sjøen som ramme.
Foto
Finn Ståle Felberg
Starta med det store spørsmålet

Kva er normal kontra unormal handling?

Publisert: 11. februar 2021 kl 08.00
Oppdatert: 11. februar 2021 kl 09.09

Kva handlar romanen om?

– Miljøforsøplinga kommentert, generasjonsrelasjonane forsøkt sett – og kva er normalt (friskt) og kva er unormalt (sjukt) på andre sida av ei dykkarulukke? Romanen handlar på mange måtar også om arbeid og arbeidsevne.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg idéen om å skrive romanen?

– Ikkje direkte, men det er likevel ein personleg tekst, med sjøen som ramme. Det store spørsmålet om kva som er normal handling kontra unormal, var grunntanken. Lang, varm og tørr sommar og plastsøppel som drep kvalar, er fiksjonsramma som tangerer verkelegheita.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Ta vare på miljøet og kvarandre, heilt enkelt. Dei eldre, dei yngre. Slik tar du vare på deg sjølv. Eg vil også visa styrken som ligg i arbeidsiveren, og i det: ikkje ver redd for å visa svakheit. Johs i boka er ein kvardagshelt, ein slitar.

Når begynte du å skrive på romanen?

– Straks den forrige var ferdig, «Kvit bok mørk vinter» (2018). Eg kom ut av skogen og ned til sjøen. Der er det vakkert, og der stinkar det. Eg las om sjølvoppløysande fiskegarn. Framgang og håp. Og tilbakeslag – kor mange munnbind har ikkje havna i havet siste året?

Når og kor skriv du?

– Eg skriv annakvar veke og jobbar annakvar veke (hos Norsk Forfattersentrum). Skriv på skogskontoret eller heime. Sjøen er med meg frå barndomen.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg vil ikkje vita alt før skrivinga kjem i gang, slik skriv eg meg fram til ei sanning eg står inne for. Eg fyrer med god, svensk kaffi og vokallaus musikk (elektronisk, jazz eller klassisk). Eg skriv i korte intense økter og brukar lange økter til å redigera, lesa, stryka, grubla...

Kor mange bøker leser du i året – og kva slags?

– Det er fire-fem bøker gåande heile tida, også lyd. I sommar tok eg opp igjen Lars Noréns dagbøker, tekststraumen går og går. Norsk og svensk litteratur dominerer, kollegaer og vennar sine verk. «Meisenes hemmelige liv» (Andreas Tjernshaugen), Nelly Sachs sine samla dikt (på svensk), Stig Dagermans «Ormen» og intervjuboka om Kjell Askildsen (Alf van der Hagen).

Kan du gje oss namn på tre personar du håpar les boka?

– Døtrene mine, Frode Pleym i Greenpeace, eks-skøyteløpar Amund Sjøbrend på grunn av namnet og den store lesegruppa under «sportsinteresserte». Boka er for alle.

Finns det ei bok du vil anbefale KulturPlots lesarar?

– Fars krig av Bjørn Westlie.

Fritt val på øvste hylle, uavhengig av tid og geografi: Kva forfattar kunne du tenkt deg å ha en lang og god lunsjprat med?

– Pentti Saarikoski, så klart.

Hvis du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Agatha Christie

Twitter – Facebook

Lydbok - Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagbladet – VG

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Ibsen – Hamsun

Papirbok – E-bok

Fagbok – Roman

Netflix – YouTube

Ved sjøen – På fjellet

 

Eirik Ingebrigtsen (45)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Forfattar
  • Utdanning: Universitetet i Bergen og Göteborg. Skrivekunstakademiet
  • Bustad: Oslo
  • Aktuell med boka: «Sjøskade»
  • Forlag: Oktober
  • Antall sider: 183