Jon Fosse lanserer tredje bind av Septologien
Foto

 Ali Zare (NTB)

I hamn med storverket Septologien

Publisert: 4. september 2021 kl 08.11
Oppdatert: 4. september 2021 kl 08.12
 
– Eg er veldig glad for at den dagen er kommen og at siste bandet i Septologien er kommen ut. Det har vore ein lang prosess. Det har tatt mange år frå eg byrja til det er avslutta i dag. Det er nok den lengste teksten eg kjem til å skrive i mitt liv, heilt sikkert, seier forfattar Jon Fosse til Nynorsk pressekontor.

Tredje og siste band i Septologien, «Eit nytt namn», vart lansert på Det Norske Teatret fredag. Boka er den siste i Jon Fosses romanverk i sju delar, der første band, «Det andre namnet», kom ut i 2019, og band to «Eg er ein annan», kom i 2020.

Heile romanen er skriven slik at kvar bok kan stå for seg sjølv, men det er først no heilskapen er der, forklarer forfattaren.

No er den heil

– Det er først no når heile heilskapen er der, når heile arkitekturen er på plass – heile byggverket – at den kan få sagt det den vil seie. No er den heil. Det er heilskapen som snakkar – den har si eiga ånd på eit vis.

– Alt snakkar med alt i ein stor samanheng i heile romanen, seier Fosse om verket, som til saman er på 1.251 sider.

Begge dei første banda om Asle i huset på Dylgja, har hausta svært gode kritikkar. «Det andre namnet» vart òg nominert til den høgthengande internasjonale Booker-prisen, og er fram til no seld til tjue land.

Det siste bandet, «Eit nytt namn» har fått svært gode kritikkar både i Noreg og i engelskspråklege land, der boka no kjem ut om lag samtidig. Fleire land har allereie kjøpt rettane til ei utgiving av det siste bandet.

Med noko nytt

Forlagsredaktør Cecilie Seiness har jobba saman med Fosse under heile prosessen, som starta hausten 2014. Seiness fortel om da ho fekk første utkastet i innboksen sin i 2016.

– Plutseleg der i kvardagsmaset får eg kjensla av å vera med på noko stort, noko som er større enn Samlaget, ja noko som kan og skal bli viktig for mange der ute. Tekstar langt frå all kommers dilldall i bokbransjen. Tekstar som er umiskjenneleg Fosse, men også med noko nytt, noko annleis. Det handlar om sjølve livet, om kjærleik, om meininga med det heile, om alkohol, om kunst, men også om Gud gjennom nærast essayistiske trekk, fortel ho.

Tekstane til Jon Fosse (f. 1959) er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanverket Triologien, og I 2020 vart Septologien III nominert til The International Booker Prize.

NTB-NPK-Beate Haugtrø

(©NTB)