Annonse
Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) er forfatter og prosjektansvarlig i Norsk Forfattersentrum. Han er fra Os, og er bosatt i Oslo. Foto: Finn Ståle Felberg

Har gitt romanfigurer utfordringer i 20 år

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

Det er 20 år siden Eirik Ingebrigtsen debuterte som forfatter. Når han ser tilbake, ser han at han ofte slenger store utfordringer i veien for sine romankarakterer. Selv drømmer han om å bli stortingsprosaist.

Han har gitt oss romaner som «Vesen» (2001), «Snø dempar lyd, tre lukkar inne» (2003), «Heimfall. Ei juleforteljing» (2012) og «Kvit bok mørk vinter». (2018). Han har fått både Sultprisen og Nynorsk romanpris, og nå når han feirer 20 år som forfatter med romanen «Sjøskade», er det på tide å oppsummere litt.

Ser du en rød tråd i det du skriver?

– Ja, ein raud tråd er uungåeleg all den tid eg er den eg er. Eg prøver å la handling og språk vera likestilte, med eit mangfold i inntaket av person og stad, og med ein slags risiko i «fantasiriket». Bøkene dyttar på kjensler, relasjonar, arbeid, traume, konfrontasjon og kreativ galskap. Det er ein scenisk link mellom skodespelaren i «Vendrakovic» (2006) som aksjonerer og hoppar i strikk frå balkongen på Nasjonalteateret i Bratislava, til Paal og Johs som oppdagar faunakriminalitet i «Sjøskade». Slik eg ser det.

Anmelderne mente tidlig at du er en stor, litterære observatør – med evne til å se mennesker. Tenker du at det fortsatt er en av dine styker?

– Ja! Sjølv om folk ser eller legg ulike ting i det under lesing.

Hva tenker du er grunnen til at du ville gi havet så pass stor plass i denne fortellingen?

– Det enkle utgangspunktet er at eg har sett ut på sjøen, Bjørnafjorden på Os, heile barndomstida. Men eg har skrive meir om skog enn sjø til no. Eg har snakka med den fjorden, sett variasjonane der ute, årstider og vêr. Dei tre karakterane i «Sjøskade» bur tett ved sjøen og held fram med å bu der sjølv etter å ha opplevd ulukker i fjern og nær tid. Huset, bøen og naustet er viktigast, men havet ligg der som ei varm suppe etter fleire månader med steikande sol. Sjøen og havet bind tida saman for dei, er det som held dei fast likevel.

Det første frøet til «Sjøskade», husker du hva det var?

– Første idé og scene var den å overleva ei dykkarulukke. Så vidt. Korleis er det? Kva skjer på andre sida av ei slik hending, kor skadd er Johs når han blir friskmeld, kva er normalt og unormalt? spør teksten.

Miljøtrusselen og klimaendringer: Tenker du på det som en plikt som forfatter å si noe om dette?

– Ikkje ei plikt, men eg stiller krav til meg sjølv og tekstane, heilt klart. Karakterane slepp ikkje unna ansvaret eg puttar på dei, slik er det i alle bøkene. Eg har skrive om verftsnedlegging og det å mista jobben, eller å mista helse, om rasisme og etterkrigstid, dette balet heng saman og ein kan gå til grunne. Men eg håpar å visa fram styrkene dei har i seg òg! Naturvern har vore med meg heile livet, og eg vaknar med protest heller enn angst. Noko kan vi redda, noko har vi tapt.

Fortell litt om karakterene i romanen din.

– Som i «Snø dempar lyd, tre lukkar inne» er det tre generasjonar eg skriv om, men her står dei tettare saman, vevd i same hus og gjennom Johs som forteljar. Han passar på vaksentenåringen sin, Jill, og enkemann og far, Paal. Men kven passar på kven, eigentleg?

– Bestefar Paal og Jill var i ei båtulykke som fekk Johs til å avsky sjøen. Gjennom å læra seg å dykka skulle han vinna sjøen tilbake. Johs er i ferd med å koma tilbake til arbeidslivet som marinbiolog etter sjukemelding som «nestendrukna». Det er han som spør kva som er normalt og unormalt i seg sjølv, han fungerer, men er det likevel noko der? Han vil visa at han duger, fagleg, og engasjerer seg i ein stranda kval.

– Paal har blitt aleine i livet, men fått sonen og barnebarnet heim. Og han er den gamle mannen som heile tida går ut av huset, ut i naturen, til sauene og fisken.

– Jill er ferdig med VGS og vil sjå faren sin frisk før ho stikk på interrail. Ho utfordrar han. Slik eg veit ei dotter kan. Eg har aldri dykka sjølv, ei heller levd på gard. Men eg tar med meg livet i tregenerasjonaren for det.

Hverdagen stilles opp mot det store og mytiske her. Var det et bevisst grep?

– Kanskje ikkje bevisst, men eg skriv jo også utan ein fullstendig plan. Det er noko «strekk i pennen», noko i skrifta som ligg der framme. Tredelinga hav, land og himmel set jo fyr på noko som er større enn dei tre menneska eg går tett på. Og å tenka på kor den havarerte kvalen har svømt, er ein enorm tanke.

Hvem tenker du at du skriver for?

– Boka er for alle, tid er språk og er du lei amerikansk politikk, vri auga over på «Sjøskade» og finn ro.

Hva tenker du på som det aller fineste noen kan si om din nye roman?

– Kjære forfattar! Boka di er vakker, skummel og vittig – vil du bli Stortingsprosaist 2021-23?

Annonse
Annonse
Annonse