Bok

Ein sjølvbiografisk roman om sjølvmord i nær familie

Hilde Kvalvaag sin son tok livet sitt for tre år sidan. Med å skrive denne romanen ville ho vise mennesket bak eitt av tala i sjølvmordsstatistikken.

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– «Djuphavsslettene» er ein sjølvbiografisk roman som handlar om ei mor med fire barn, der den nest eldste sonen tar livet sitt rett før han fyller tjue år.

– Vi følger mora og familien i dei siste vekene før sonen dør, og i to år etterpå. Det er lett å tenke at dette er ein roman om sjølvmord, men det handlar mykje meir om kjærleik, og om stor sorg som trugar med å trekke mora i romanen under.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skriv romanen?

– Ja, min son tok livet sitt for tre år sidan. Med å skrive denne romanen ville eg vise mennesket som er bak eitt av tala i sjølvmordsstatistikken.

– Eit menneske som er så mykje meir enn den handlinga, som eg tenker på som ei tragisk ulykke. Eg har skrive romanen for meg sjølv, fordi eg måtte, men eg vil også peike på eit sjukdomsteikn ved samtida når ein av fire studentar i 2021 seier at dei har tenkt alvorleg på å ta sitt eige liv.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Eg vil formidle at min son, som tok sitt eige liv, var høgt elska, at det ikkje er alt med menneskesinnet vi kan forstå. Eg vil at sonen min ikkje skal bli gløymt, han har levd, og det at eg skriv sjølvbiografisk håpar eg gjer at dei som les i endå større grad vil få hans skjebne under huda.

– Men eg vil også vise fram kva som skjer inne i ein familie blir kasta ned i det yttarste mørker. Eg vart sjølv overraska over noko av det eg skreiv fram. Inni sorga gløder kjærleiken, det finst fellesskap og og det finst latter, av ein veldig mørk type.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Nei, skrivinga av denne romanen var som om det gjekk eit ras, det var nesten som ei fysisk lette når familien sa at eg kunne få lov å skrive om dette. Så når eg først byrja arbeidet med romanen gjekk det veldig lett.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg jobbar veldig ustrukturert, og har ingen plan, eg skreiv utforskande. Eg plar eg famle meg fram til eit råmanus eg skriv om hundre gonger, men denne gongen var det annleis. Eg har redigert i manus, men i mindre grad. Eg og redaktøren min, Tiril Broch Aakre, ville gjerne behalde det rå og umiddelbare i teksten. Denne romanen tenker eg er skrive meir med kroppen enn med hovudet.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Eg har mange forfattarar eg elskar, men eg kjem alltid tilbake til Virginia Woolf. Av norske forfattarar set eg Vigdis Hjorth svært høgt. Ho har inspirert meg til å vere modig!

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg håper at den yngste sonen min les boka når han blir vaksen. Eg har skrive den for han, så han kan bli kjent med bror sin som ikkje lever lengre. Eg håper at han, der han sit med boka mellom hendene ein gong på 2030-talet, kan skjønne kor djupt kjærleiken går.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– «Sommerlys, og så kommer natten» av Jón Kalman Stefánsson. Den fangar eksistensens veksling mellom lys og mørke på den vakraste måten eg har lese..

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– No les eg Blomsterdalen av grønlandske Niviaq Korneliussen. Ei strålande bok om kjærleik, begjær, sjølvmord, og grønlandsk identitet. Den er både vittig, frekk og veldig trist. Eg skal møte Korneliussen til samtale på Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Eg skulle ønske eg hadde meir tid til å lese og høyre podcast. Akkurat no prøver eg å finne luker for å lytte til «How to proceed», Linn Ullmanns podcast frå Litteraturhuset i Oslo.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Hilde Kvalvaag (53)

  • Yrke: Forfattar
  • Utdanning: Master i sosialantropologi og masterstudent i kunstterapi
  • Bustad: Bergen
  • Aktuell med: «Djuphavsslettene»
  • Forlag: Vigmostad & Bjørke
  • Sidetal: 394
Powered by Labrador CMS