UTE MED ROMAN OM KOMPLISERTE FORHOLD: Kristin Tveiten.
Foto
Samlaget

Ein roman om det å gi omsorg til nære som ikkje er kjære

Publisert: 23. juni 2021 kl 08.00
Oppdatert: 23. juni 2021 kl 09.40

Kva handlar romanen om?

– Romanen min handlar om det å gi omsorg til nære som ikkje er kjære.

– Vi fylgjer hovudpersonen Marianne etter at faren har tatt opp kontakten med henne etter fleire tiår. Han er gamal og sjuk, og på grunn av alvorlege hendingar tilbake i tid, blir omsorgsbiten ein kamp mellom forplikting og nestekjærleik.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Eg må vel svare begge deler. Eg har sjølv vore i situasjonen med å ta meg av ein far eg hadde eit komplisert forhold til. I media har vi stort sett fått innblikk i dei vakre historiene, der pårørande fylgjer sine eldre tett, med sterke bånd og kjensler held dei sine kjære i handa til siste slutt. Difor hadde eg lyst til å fortelje ei annleis historie, som eg veit det finst fleire av der ute, og utforske kor langt ein er villig til å gå.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– Eg vil at lesarane skal tenke over at alt ikkje alltid er slik det ser ut. At det bak fasadene våre finst utallige og utenkelege historier.

– Dei fleste veit at verda ikkje er svart-kvit, men kva er det som fører til vala vi gjer? Eg håpar å rive ned nokre tabu her, at det skal vere lov å kjenne på motvilje og avsky, og at det vanskelege rundt eldreomsorgen kan snakkast om.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Skrivesperre kan eg ikkje seie eg hadde, men på eit tidspunkt koka det i hovudet og eg var sliten av skrivinga. Eg hadde nok lagt meg til ein uvane med å skrive seint på kvelden, og då var det vanskeleg å ikkje dra med seg manuset inn i draumeland. Eg måtte ta meg nokre dagar der eg ikkje tenkte bok i det heile tatt, drog til skogs for å finne att roa, og så var eg i gang igjen.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg er nok temmeleg intuitiv når eg skriv. Romanen ligg og murrar i bakhovudet heile tida. Det kan kome små ord, skildringar eller idéar kvar som helst og kva tid som helst, så det gjeld å notere ned med ein gong. Dette tar eg fram igjen når eg set meg ned for å skrive, og så veks det medan eg skriv. Ikkje det at sidene rullar av garde akkurat, det går mykje tid til grubling, forbetring og reasech.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Her skulle eg gjerne ha kome med namn, men eg klarer ikkje å peike på nokon særskilde forfattarar som har hatt spesielt stor innverknad. Eg har hatt stor glede av bøkene eg har lest, men inspirasjonen kjem like gjerne frå naturen, menneske, hendingar og foto. Elles har redaktøren min fått fram gode skrivesider i meg.

Når skjønte du at du ville bli forfattar?

– Det skjønna eg faktisk ikkje før eg var i gang med «Menneske og møll».

– Eg har snarare hatt ein kunstnardraum enn forfattardraum, og sjølv om eg tidlegare har skrive dikt og songtekstar, var det fyrst då eg sat med manuset til romanen eg kjente kor riktig det var.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Fyrst og fremst den lesaren som føler at noko endrar seg positivt i livet sitt etter å ha lese boka. Det hadde gjort meg glad.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Dersom dei har lese mi bok, bør dei absolutt også lese «Bonus» av dotter mi, Marie Tveiten, som kom ut på same tid. No burde eg vel merke dette med «Reklame»...

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– I skriveprosessen fann eg det mest umogeleg å lese bøker. Då manus var levert, kasta eg meg over «Tollak til Ingeborg» og blei ikkje skuffa. No er eg nysgjerrig på dei andre debutantane på Samlaget, så neste bok blir nok ein av dei. Om ikkje nytt romanprosjekt kjem i vegen.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Eg prøver å kome ajour med det meste etter hektisk skriveinnspurt og utgjeving, så gjerne litt meir tid til alt.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Anna Maria Kristin Tveiten (54)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Forfattar
  • Utdanning: Seljord Folkehøgskule, Vika Kunstskole
  • Bustad: Seljord
  • Aktuell med: «Menneske og møll»
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 228