– Det er ikkje dei store krisane eg skriv om, men dei små augneblinkane i kvardagen som kan endre retninga på eit heilt liv, seier forfatter Ingrid Senje.
Foto
Samlaget

– Eg vil utforske nokre av dei kjenslene og vala det framleis blir snakka lite om i samfunnet

Publisert: 15. juni 2021 kl 08.00
Oppdatert: 16. juni 2021 kl 09.03

Kva handlar novellesamlinga om?

– Novellene i «Stupeteknikk» har ganske stor spennvidde, men dei har kanskje til felles at dei skildrar menneske på bristepunkt i livet.

– Det er ikkje dei store krisane eg skriv om, men dei små augneblinkane i kvardagen som kan endre retninga på eit heilt liv – enten det handlar om eit kjærleiksforhold som er i ferd med å gå i oppløysing eller eit søskenforhald som blir sett på prøve.

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive novellene?

– Sjølv om handlinga i novellene ikkje er basert på mitt eiget liv, er dei sjølvsagt inspirerte av både mine eigne tankar og det eg les og opplever rundt meg.

– Eg har hatt lyst til å utforske nokre av dei kjenslene og vala eg opplever at det framleis blir snakka lite om i samfunnet. Til dømes det å kjenne frykt eller avsky for nokon som er død, eller det å setje trongen til å bli sett, eller begjæret sitt, over omsynet til andre – til og med eins eigne barn.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne novellesamlinga?

– Tja, først og fremst vil eg kanskje formidle at alle slags kjensler er like gyldige, og at det er menneskeleg både å ville trekkje seg unna og å lengte etter å bli sett. Karakterane i novellene mine blir pressa inn i hjørne, tvinga opp i situasjonar som kan verke umoglege. Men så oppstår det likevel noko interessant når dei blir nøydt til å stå i dei. Der finst det kanskje noko å lære.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med boka – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Ikkje skrivesperre, akkurat, men det har likevel tatt meg svært lang tid å skrive boka. Eg har jobba lenge med noveller som eg til slutt har forkasta, henta fram tekstar eg byrja på for fleire år sidan, og endra retning på noveller eg trudde var ferdige. Mange gongar har eg hatt lyst til å gi opp, men eg har likevel blitt drive fram av tanken på den mållinja ei ferdig bok jo på eit vis er.

– Etter at eg fann redaktøren min, David Aasen, har det òg vore mykje støtte i han – både i å vite at han hadde tru på prosjektet, og i innspela og motstanden han har gitt meg undervegs.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Novellene mine startar ofte med eit spørsmål eg interesserer meg for, eller ein situasjon eg ikkje heilt finn ut av, og som eg blir gåande og tenkje på. Etter kvart utviklar dette seg kanskje til ei startscene, og då er det neste steget å finne ei avslutning. Frå det punktet av handlar arbeidet om å skrive fram midtpartiet og binde novella saman, noko som kan ta alt frå nokre dagar til fleire månadar.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Å, det er mange! Nesten kvar gong eg les litteratur som er skikkeleg god, eller høyrer nokon snakke klokt om det dei har skrive, får eg lyst til å utfordre meg sjølv og skrive betre.

– Innanfor novellesjangeren er til dømes Merethe Lindstrøm ei viktig inspirasjonskjelde. Den litt ugne kjensla ein ofte sit att med etter å ha lese novellene hennar, fascinerer meg veldig. Eg håper eg kan klare å få til det same ein dag!

Når skjønte du at du ville bli forfattar?

– Eg har alltid likt å skrive, heilt frå eg var lita – eg var eit sånt barn som gjekk rundt og sa til folk at eg skulle bli forfattar når eg blei stor. Men då eg byrja å studere litteratur, og forstod meir av kva det å skrive innebar, blei eg råka av ein valdsam prestasjonsangst, og byrja å svare «nei» viss folk spurte meg om eg skreiv. Den angsten kom eg ikkje over før eg kom inn på Skrivekunstakademiet i 2015, og blei tvinga til å snakke høgt om skrivinga mi der.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg er ikkje så opptatt av at ein spesifikk person skal lese boka mi, men håper heller at ho kan treffe nokon som kanskje ikkje les så mykje.

– Om novellene i samlinga mi kan gi berre ein person ei oppleving av at nokon set ord på ei kjensle dei har følt seg aleine om, eller få dei til å tenkje over noko som ikkje har slått dei før, er det verdt heile arbeidet med boka, synest eg.

– Når det er sagt, er dette med å vere forfattar framleis såpass ferskt for meg at heile konseptet med at noko eg har skrive kan bety noko for nokon andre enn meg sjølv, kjennest rimeleg absurd.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Her kunne eg ha kome med mange ulike svar, men eg vel meg ut ei bok eg sjølv har hatt stor glede av, men som eg ikkje synest har fått den merksemda ho fortener: Solfrid Sivertsens novellesamling «Ho sykla bort».

– Sivertsen har eit heilt unikt talent for å gå inn i tankeverda til barn, og novellene hennar er både rørande og tankevekkande. Fleire av dei heng att i meg framleis, sjølv om det er tre år sidan eg las boka.

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– Nett no les eg den andre utgåva av Samlagets antologiserie Nye nynorske noveller, som eg sjølv bidrog i førsteutgåva av. Den heiter «Og alle ting vert nye», og inneheld nyskrivne noveller av mellom anna Inger Bråtveit, Erlend Kaasa og Oda Malmin. Veldig spennande lesing for oss som er opptekne av kva som rører seg i novellesjangeren, og ikkje minst ein fin måte å bli kjent med nye forfattarskap på!

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Å lese! Eg les veldig mange manus i jobben min, og finn mykje glede i det. Samstundes saknar eg tida og overskotet til å lese skjønnlitteratur på fritida, og blir stadig slått av dårleg samvit over den veksande lesebunken på nattbordet mitt. Det finst altfor mykje god litteratur sett i forhold til den tilgjengelege tida!

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Ingrid Senje (34)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Kritikar og litteraturarbeidar
  • Utdanning: Master i nordisk litteratur og årsstudium i skapande skriving på Skrivekunstakademiet
  • Bustad: Milano
  • Aktuell med: «Stupeteknikk»
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Sidetal: 151